Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Fastelavn i helga

Fastelavn i helga

Elinor Bolme Torsdag 7. februar 2013

I helga er det fastelavnsaksjon, og Todalen Sanitetsforening kjem naturlegvis også i år til å markere dette. Fredag og laurdag blir aktive medlemmer i foreninga å finne på L Hals med salg av tradisjonelle fastelavensris. Norske Kvinners Sanitetsforening har til årets fastelavn utarbeidd nye produkt og spreke markedsføringsstunt, og Todalen Sanitetsforening er ei av foreningane i organisasjonen som har teke godt i mot desse nye ideeane. Derfor vil det laurdag bli stand utanfor butikken der det blir solgt nye , store fjør til å pynte eit heilt vanleg tre med. Treet som skal pyntast står attmed Talgø møbelfabrikk, ved Ørastua. Saniteten håper difor at bygdefolket deltek i aksjonen og blir med på tre-pynting med klatring med og utan stige! Kanskje får Todalen norges finaste fastelavnstre?  Damene stiller med nystekte bollar,  kakao og kaffe til alle som kjem innom.

Fastelavn har vort sanitetskvinnenes viktigste merkevare sidan 1946. Og i 2011 vart det solgt fastelavnsris for åtte millioner her i landet.

Over er dei nye produkta som lanseres i forbindelse med årets fastelavnsaksjon i NKS. Koppar blir å få kjøpt på L Hals laurdag.

Publisert: 7. februar 2013, 16:51