Organisasjonens hovedsatsingsområder er kvinnehelse og omsorgsberedskap.
Norske Kvinners Sanitetsforening ønsker å delta aktivt i samfunnsdebatten, men er partipolitisk uavhengig og livssynsnøytral. N.K.S. mottar ikke statstøtte.
Norske Kvinners Sanitetsforenings motto:
I de små ting frihet
I de store ting enighet
I alle ting kjærlighet
Leiar: Solveig Glærum
Nestleiar: Nina Heimlund
Kasserar: Ragnhild Ansnes Moe
Sekretær: Steffi Bohle
Styremedlemer: Kari Kvendset og Åse Ville Redalen
Varamedlemer: Arndis Søyset og Jorunn Gislaug Ørsal
Omsorgsberedskap: Nina Heimlund, Kari Kvendset, Jorunn Husby og Maren Ansnes
Husstyret: Jorunn Husby og Synnøve Hole Talgø.
Ta kontakt med Synnøve Hole Talgø på telefon 907 00 429 om du ønsker å leige Sanitetshuset for møte, barnedåp, konfirmasjon, bryllup, gravferd eller ei anna anledning.
Nyheter knytta til Todalen Sanitetsforening

Eit tidleg vårteikn frå Sanitetskvinnene
For mange er nok fastelavnriset eit symbol for Sanitetskvinnene. NKS har tradisjon heilt attende til 1946 for å selge bjørkeris som er pynta med fargerike fjær, og det er nok ein flott tradisjon som folk sett stor pris på. Fastelavnsriset har nok ein mykje lenger tradisjon enn dette, men det var altså i 1946 at NKS fikk ideen til å markere fastelavn på denne måten og dermed skaffe seg ei inntektskjelde. Fredag og laurdag har Todalen vore på banen med årets bjørkeris utafor Matkroken i Todalen.

Sesongstart i ruskever
Måndag 10. februar var sett som dato for Kløverturoppstart. Yr melde om ekstremver, «Elsa» – med høg flo, regn og vind. Men 6 trimmarar trossa veret og stilte framfor Halsbua kl. 11, og tur vart det!

Kløvertur i Toåa tursti
Todalen sanitetsforening inviterer til ein ny sesong med Kløverturar. Det blir oppstart i morgon, måndag 10. februar. Turen blir etter Toåa tursti, altså ein mjuk start etter ein lang juleferie. Oppmøte ved Matkroken/Halsbua, og start derifrå kl. 11.00.

Triveleg på Fredrikkekaffe
Sjølv om det var fint ver og sol ute, var det godt oppmøte på årets andre strikkekaffe. «Triveleg å treffast,» vart det sagt rundt borda.

Fredrikkekaffe i Sanitetshuset
Todalen sanitetsforening inviterer til strikkekaffe i Sanitetshuset laurdag 8. februar i tidsrommet kl. 13.00 – 16.00.

Årsmøte i Todalen sanitetsforening, årsmeldinga viser stor og god aktivitet!
Sanitetsforeninga heldt årsmøte i Todalen sanitetshus tysdag 4. februar; eit 20-tals medlemmer var møtt fram til eit aktivt og godt årsmøte. Årsmelding og rekneskap syner at det er stor aktivitet i foreininga.

Årsmøte i Todalen sanitetsforening
Todalen sanitetsforening minner om at dei held årsmøte i Sanitetshuset tysdag 4. februar kl. 18.30.

-Bra nok som vi er!
Nesten 50 kvinner i alle aldrar frå fleire plassar i kommunen tok turen til Todalen sanitetsforening sin Kvinnehelsekveld måndag kveld. Her vart det blant anna servert eit interessant foredrag av lege og forfattar Kari Løvendahl Mogstad. Kari er opprinneleg surnadaling, sanitetskvinne og utruleg engasjert i kvinnehelse. Da særskilt den som omhandler svangerskap og barsel.

Sanitetsforeninga arrangerer «Kvinnehelsekveld» med Kari Løvendahl Mogstad
Oppdatering: Sanitetsforeninga minner om Kvinnhelsekvelden 27. januar kl. 19.00. NB! Da det er servering av varm mat, taco, er det ønskeleg med påmelding i god tid, altså i løpet av torsdag 23. januar!
Tlf.: Maren 906 86 907 eller: maren@pestua-gard.no
Todalen sanitetsforening inviterer til foredrag om kvinnehelse i Todalen ungdomshus måndag 27. januar kl. 19.00. Dette er eit viktig og aktuelt tema, og foredragshaldar er fastlege Kari Løvendahl Mogstad. Ho er spesialist i allmennmedisin, idrettslege og underviser legestudentar ved NTNU. Ho er samfunnsengasjert og ein populær og dyktig foredragshaldar.

Fredrikkekaffe i Sanitetshuset
Todalen sanitetsforening inviterer til årets første strikkekaffe i Sanitetshuset førstkomande laurdag, 18. januar kl. 1300 – 16.00. Alle er velkomne!

Todalen sanitetsforening startar opp att etter juleferien
Todalen sanitetsforening er klar for nytt arbeidsår – det blir medlemsmøte tysdag 7. januar kl. 18.30 i Sanitetshuset. Medlemer og andre interesserte er hjarteleg velkomne! Alle, både i Todalen og i nabobygdene, kan møte opp for å bli kjent med sanitetsforeninga og arbeidet i organisasjonen.

Elinor vart «Årets Drivanavn i 2019»
Drivas lesarar kåra Elinor Bolme til «Årets Drivanavn i 2019». Elinor var nominert for sitt store engasjement for organisasjonen Norske Kvinners Sanitetsforening (NKS). Der er ho fylkesleiar på 6. året, og røper at ho truleg takkar ja til gjenvalg når tida kjem, skriv Driva når dei presenterer Elinor på sine nettider.