Organisasjonens hovedsatsingsområder er kvinnehelse og omsorgsberedskap.
Norske Kvinners Sanitetsforening ønsker å delta aktivt i samfunnsdebatten, men er partipolitisk uavhengig og livssynsnøytral. N.K.S. mottar ikke statstøtte.
Norske Kvinners Sanitetsforenings motto:
I de små ting frihet
I de store ting enighet
I alle ting kjærlighet
Leiar: Solveig Glærum
Nestleiar: Nina Heimlund
Kasserar: Ragnhild Ansnes Moe
Sekretær: Steffi Bohle
Styremedlemer: Kari Kvendset og Åse Ville Redalen
Varamedlemer: Arndis Søyset og Jorunn Gislaug Ørsal
Omsorgsberedskap: Nina Heimlund, Kari Kvendset, Jorunn Husby og Maren Ansnes
Husstyret: Jorunn Husby og Synnøve Hole Talgø.
Ta kontakt med Synnøve Hole Talgø på telefon 907 00 429 om du ønsker å leige Sanitetshuset for møte, barnedåp, konfirmasjon, bryllup, gravferd eller ei anna anledning.
Nyheter knytta til Todalen Sanitetsforening
Varma opp til kvinnedagen
Mange møtte opp i går kveld da Todalen sanitetsforening inviterte til strøyminga av Norske Kvinners Sanitetsforening (NKS) sitt arrangement Kvinnehelse: – «Det personlege er politisk» , som vart sendt direkte på storskjerm i ungdomshuset, frå Youngs i Oslo. Arrangementet til NKS er ein del av sanitetskvinnene si markering av den internasjonale kvinnedagen, som blir markert i dag.
Kløvertur rundt om på Kvennset
Godt ver og godt frammøte, altså god start for kløverturgjengen i mars.
Kløvertur
Todalen sanitetsforening inviterer til kløvertur måndag 7. mars. Start frå Matkroken Hals kl. 11:00. Blir du med?
Todalen sanitetsforening med nytt «kunstlotteri»
Todalen sanitetsforening sitt årlege «kunstlotteri», har etter kvart vorte ein tradisjon, og 2022 blir ikkje noko unntak i så måte. I år er det kunstverket «Håp om fred» laga av Tanja Heggem Grimsmo som blir lodda ut. Lodd kjøper ein via Vipps: 101456. Hugs å skrive i meldingsfeltet kva namn lodda skal stå på. Kvart lodd kostar 20,- kroner. Salet av lodd tek til i dag, og trekninga blir under Todalen sanitetsforening sitt årsmøte neste år.
Strikkekaffe laurdag – innsamling av ullklede
Todalen sanitetsforening inviterer til strikkekaffe i Sanitetshuset laurdag 5.mars i tidsrommet 13:00 – 16:00. Alle er velkomne!
Beredskap lokalt og støtte internasjonalt
Surnadal og Todalen sanitetsforeiningar samarbeider om ein felles omsorgsberedskapsavtale i Surnadal kommune. Som eit direkte resultat av dette samarbeidet, ønsker også dei no å mobilisere, for å hjelpe det ukrainske folk, som akkurat no opplever uhyggelege krigshandlingar. Norske Kvinners Sanitetsforening (NKS) har starta ein innsamlingsaksjon der pengane skal gå til Røde Kors. NKS samlar til vanleg ikkje inn penger til andre organisasjonar, med unntak av den nasjonale dugnaden TV-aksjonen. Dette er ein ekstraordinær situasjon, og dei gj3r difor eit unntak i samband med situasjonen i Ukraina.
Fotpleie i Sanitetshuset
No er det tid for ein ny runde med fotpleie i Todalen sanitetshus. Fotterapeut Pan Promchart kjem tysdag 15. og onsdag 16. mars. Det er mange ledige timar båe dagane.
Todalen sanitetsforening varmar opp til kvinnedagen
Todalen sanitetsforening varmar opp til den internasjonale kvinnedagen med å invitere til arrangementet Kvinnehelse: «Det personlege er politisk» i Todalen ungdomshus måndag 7. mars klokka 18:00 – 20:00. Arrangementet vil fysisk gå føre seg på Youngs (nede) i Oslo, men vil, i regi av Norske Kvinners Sanitetsforening, bli strøyma og vist direkte i ungdomshuset.
Kløvertur til Todalsøra
Todalen sanitetsforening inviterer til kløvertur måndag 28. februar. Start frå Matkroken Hals kl. 11:00. Blir du med?
Triveleg tur, men unnhålt og skummelt underlag
Måndag og kløvertur; – kjekt å treffast! Men med snø og glatte vintervegar må ein sko seg godt og passe på kor ein går.
Kløvertur rundt om Husby
Todalen sanitetsforening inviterer til kløvertur måndag 21. februar. Start frå Matkroken Hals kl. 11:00. Blir du med?
Fastelavnsris – tradisjon sia 1946 for Saniteten
Heilt sia 1946 – i kjølvatnet av 2. verdskrig – har sal av fastelavnris vore ei god inntekskjelde for sanitetskvinnene. No selges det på landsbasis 135.000 fastelavsris, dog det gjev ein god inntekt til NKS – anslagsvis rundt 10,0 mill. kvart år. Todalen Sanitetsforening skal i år selje rundt 100 enheter, og salet brukar å gå glatt, fortel damene som onsdag kveld var travelt opptekne med å lage fastelavnsris som er pynta med fjær og ein oblat med NKS.