Styret i Todalen I.L. – 2024
Leiar: Elinor Bolme
Nestleiar: Andreas Brøndbo
Kasserer: Jenny Stensby
Sekretær: Turid Sæther
Leiar Økonomigruppa: Bjørn Gunnar Ansnes
Leiar Trimgruppa: Sissel H. Storslett
Barne- og ungdomsleiar: Endre Talgø
Bygg- og anleggsleiar: Lars Stensby
Driftsleiar Bordholmen: Lars Stensby
Driftsleiar ungdomshuset: John Moe
Driftsleiar Toåa tursti: Ivar Bolme
Driftsleiar Hett & Svett: Anders Mo
Driftsleiar Tjønnmyra: Gunnar Nordvik
Driftsleiar skihytta og løypekøyring fjell: Terje Nordvik
Kontrollutval: Leiar: Sondre Halset, medlem: Kristen J. Ørsal og vara: Carina Talgø
Valnemnd: Leiar: Laila K. Bergli, medlem for 2 år: Ingrunn J. Torvik og medlem for 3 år: Hallvard L. Kvendset
Nyheter knytta til Todalen Idrettslag
Foballane rullar for fullt!
Også i aldersbestemte klassar har fotballsesongen med seriespel starta. I går kveld hadde både G12 og J12 kamp på Søyabanen. J12 Søya/Todalen møtet Kvass/Ulvungen på gras, medan G12 Søya/ møtte Straumsnes på kunstgras. Jentene vann heile 8-1, medan gutane også berga sigeren med 13-5 slik ca. Samtidig hadde G10 og J10 trening på grasbanen. Med andre ord full rulle for dei fleste som driv med fotball no utover. For å halda styr på alle desse laga, treningane og kampane, har Søya IL sin banekalender vorte eit kjærkomment verktøy for å handtere dette. Her finn ein oversikt over alt som foregår på Todalen og Søya sine samarbeidslag frå knøtt til seniorfotball, fordelt på dei ulike stadionane. Den finn du naturleg vis også her på todalen.no oppe til høgre.
Les heile sakaUavgjort i lokaloppgjøret
Onsdag kveld var det lokaloppgjør av beste sort på Bordholme. Då møttest Todalen/Kvass/Ulvungen/Søya og Surnadal i seiekamp for G19 klassen. Det var ein forholdsvis jamnspela kamp, der begge laga dominerte i kvar sine periodar. Stillinga etter første omgang vart 1-1, med målscorarar Andreas Dalsegg Sæther på 0-1 og Fredrikk Aasprong på 1-1. Dette held seg til dommaren bles av etter neste 45 minutt. Begge lag hadde sjansar til å avgjerde til sin fordel, der blandt anna keeper for heimelaget hadde ei fantastisk redning mot slutten.
Les heile sakaTrimbasar ga over 22.000 – oppdatert
Den felles basaren for Trimgruppa og Ski-/friidrettsgruppa søndag ga ei bruttoinntekt på over 22.000. Det er veldig bra og komiteen fortel at det er spesielt førehandssalet som har vore heilt eventyrleg. I kollisjon med fotballkampen på Bordholmen og det fine søndagsværet så vart det ikkje så mykje folk på basaren i Ungdomshuset. Hovudgevinsten på basaren som var eit gåvekort frå Kårvatn Fjellutstyr, som gikk til Hegernesset
Les heile sakaSesongstart på Bordholmen
Den aller første fotballkampen på Bordholmen bekreftar at noer vinteren over og det er vår. Dagens kamp var ein privatkamp mellom Todalen-Søya-Kvass/Ulvungen (G19) og Søya-Todalen (A-laget). Her var det ungdommane (G19) som trekte det lengste strået og vann 2-0 over A-laget. Første omgang var det lite som skjedde, og det var knappast nokre skot mot mål. Men […]
Les heile sakaGrønsåpelukt i klubbhuset
Med kvinneleg ledar både i hovudstyret og i fotballstyret i Todalen I.L. er det naturleg at det vart sett prioritet på rundtvask i klubbhuset på Bordholmen. Torsdag kveld samla dei både hovudstyret og fotballstyret til dugnad, og da vart det fart i sakene. Det vart rydda og brent, og heile klubbhuset vart reingjort frå gulv til tak. Og før dei ga seg var det grønsåpelukt over heile huset.
Les heile sakaCampingdrifta sommaren 2012
Todalen IL vil også i år legge til rette for at det blir mulig å campe i Todalen. Nytt av året er at dei har fått 3 spreke pensjonister som campingverter; Nils Øyen, Gudmund I Kvendset og Eivind Grønmyr.
Som tidligere blir området ved Bordholmen (idrettsplassen) brukt til formålet. Av fasiliteter knyttet til campingplassen er: 1 fryser (til nedfrysing av eventuell fangst i Toåa??), 1 dusj og 1 wc.
Les heile sakaSøndag: Trimbasar i Ungdomshuset
Søndag 22. april mellom kl 15-18 er det storstila basar i Ungdomshuset. Det er Trimgruppa og Ski-/friidrettsgruppa som har sin årlege basar med stort basarbord, der gåvekort på Kårvatn Fjellustyr er hovudgevinsten. Elles er det utdeling av utmerkingar frå både ski- og trimaktivitetar som startar ca kl 17. Det gjeld både skimerke, friidrettsmerke og premiering […]
Søndag: Årets første kamp på Bordholmen
Søndag 22. april kl 13.30 er det klart for årets første kamp på Bordholmen. Todalen-Kvass/Ulvungen-Søya G19 treffer da Søya/Todalen A-lag til ein skikkeleg duell på heimebanen i Todalen, og med kretsdommar Ola Magne Nordvik som vil halde justis og bruke fløyta. Manager Terje Nordvik håpar at så mange som muleg av våre fotballsupportarar på begge sider […]
Nytt treningslokale
Mange har muligens sett at det har vore ein del aktivitet i "gammel-posthuset" den seinare tida. Det er fordi ein gjeng med unge menn har dreve oppussing av lokala. Ungdomane har som mål å få laga eit eige treningslokale her, til bruk for alle i bygda. Da todalen.no var innom som snarast, hadde dei så smått byrja å forflytta styrkeapparata som tidlegare har stått på Sias og Bordholmen. Ellers hadde dei måla det gamle postlokalet, flytta veggen mot der solariet er for å auke arealet litt og naturlegvis hatt på listverk.
Les heile sakaDreg til England på fotballtur…
Fredag dreg juniorlaget G-19 på fotballtur tul England fortel manager Terje Nordvik til Todalen.no. Det dreier seg om ein motivasjonstur som deltakarane har betalt frå eigen lomme og det er 11 ungdomar og 4 vaksne som fredag setter seg på flyet til Heathrow via København. Vel framme i England går turen vidare med to til Manchester, der dei laurdag skal på omvisning på Old Trafford og på museet til Manchester United. Søndag kl 16 er helgas høgdepunkt med kamp mellom Manchester unite og Aston Villa.
Les heile sakaEmil tok heim vandrepokalen
Vêrgudane viste seg endeleg frå si beste side og slapp no påskesola fram. Dermed var det klart for den tradisjonsrike Kjerringdilten, i regi av skihyttekomiteen og trimgruppa. Sjølv om sola skein, lura det nokre mørke byger uti fjorden som ga nokre snøfnugg, men dette var stort sett ingen ting å rekne samanlikna med nedbøren som vi har hatt i løpet av påska. Denne oppfatninga hadde også resten av bygdefolket, som etter kvart strømma i store stimar opp til skihytta. Arrangementskomiteen hadde fått fleire hendvendingar på telefon at det var folk på tur opp lia, og at starten på kjerringsdilten måtte utsetjast litt. Startskotet for kjerringdilten kunne endeleg gå og heile 40 personar stilte på startstreken.
Les heile sakaKjerringdilten går som planlagt
Løypekomiteen ved Dan Roger Pedersen og Ståle Ansnes har rapportert til todalen.no at de har greidd å kjøyre på scooterspor frå Øyalia og fram til Skihytta. Dei kan fortelje at dei klarte å unngå at skidåra måtte leggjast om Snekkardalshalsen, da det skal være muleg å krysse elva litt lengre inn/opp enn vanleg ved Vintervaet. For tida er ikkje elva på det aller største, så det er muleg å forsere ho.
Les heile saka