Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Todalen I.L. – Millionsatsing på ny lysløype

Todalen I.L. – Millionsatsing på ny lysløype

Jon Olav Ørsal Onsdag 7. november 2012

Todalen idrettslag satsar stort på ny lysløype på Tjønnmyran, og arbeidet med å rydde løypetrase er alt kome i gang. Det har vore jobba med planer for ny lysløype i fleire år, og no er alle brikkane i planarbeidet på plass og arbeidet kan starte, fortel ledar i lysløypekomiteen Nils Ove Bruset. I forrige uke starta arbeidet med å rydde traseen for den nye lysløypa, som er på rundt 1,5 km og som er lokalisert til Tjønnmyran.

For den som ikkje er lokalkjent så ligg Tjønnmyran på flata oppå Falla, mellom Brusetmarka og Vestrum/Talgø gård. Den nye lysløypa og skiarenaen berører eit område som tilhører dei tre grunneigarane Ola Bruset, Svein Talgø og Anita Talgø, og i tilliegg til ny lysløype på 1,5 km skal anlegget på Tjønnmyran få eit skileikområde. Der blir det både ein liten hoppbakke, kulebakke og akebakke, slik at det blir tilpassa brukarar i alle aldrar. Nils Ove Bruset berømmer det gode samarbeidet med grunneigarane, som har gjort at planarbeidet har gått så fort unna.

Den totale kostnaden på det nye anlegget vil kome opp mot 1 million kroner, der knapt halvparten er spelemidlar og resten er finansiert med midlar frå Todalen I.L. og ein god slump blir dugnadsinnsats frå medlemane og bygdefolket. I forrige veke starta som sagt ryddearbeidet, og mykje av maskinarbeidet vil skje utover vinteren. Det er Per E. Gjeldnes Maskin som skal utføre maskinarbeidet. 
– Vi satsar på at lysløypa skal være klar til bruk til vintersesongen 2013/2014, seier Nils Ove Bruset til Todalen.no. Den gamle lysløypa i Ørsal-bukta går da ut av bruk, og vil bli demontert. Det nye vinteranlegget på Tjønnmyran vil blir mykje meir snøfast, og ein kan rekne med ein noko lengre sesong der, seier Bruset som også ser eit poeng i at den ligg nær parkanlegget ved Talgø utstillingssenter (gammelfabrikken). På sikt er nemleg plana at det løypetraseen skal gruses opp til å bli ein fin tursti på sommars dag.

Publisert: 7. november 2012, 05:00