Styret i Todalen I.L. – 2024
Leiar: Elinor Bolme
Nestleiar: Andreas Brøndbo
Kasserer: Jenny Stensby
Sekretær: Turid Sæther
Leiar Økonomigruppa: Bjørn Gunnar Ansnes
Leiar Trimgruppa: Sissel H. Storslett
Barne- og ungdomsleiar: Endre Talgø
Bygg- og anleggsleiar: Lars Stensby
Driftsleiar Bordholmen: Lars Stensby
Driftsleiar ungdomshuset: John Moe
Driftsleiar Toåa tursti: Ivar Bolme
Driftsleiar Hett & Svett: Anders Mo
Driftsleiar Tjønnmyra: Gunnar Nordvik
Driftsleiar skihytta og løypekøyring fjell: Terje Nordvik
Kontrollutval: Leiar: Sondre Halset, medlem: Kristen J. Ørsal og vara: Carina Talgø
Valnemnd: Leiar: Laila K. Bergli, medlem for 2 år: Ingrunn J. Torvik og medlem for 3 år: Hallvard L. Kvendset
Nyheter knytta til Todalen Idrettslag
Lagseriestevne
Leder i ski- og friidrettsgruppa, Jorid H Ansnes melder om at det førstkommende onsdag blir lagseriestevne med mulighet for å ta idrettsmerke på Bordholmen. Slik som det ligg an per i dag, kan dette bli det einaste lagseriestevne denne hausten, men er det nokon som ikkje får til å møte for å prøve seg på […]
Sykkeltrim med bakels og graut
Onsdag kveld var det nest siste sykkeltrim i TILs regi for i år. Det er Trimgruppa som har arrangert sykkeltrimmen, som har pågått i vår og i haust men som tok ferie i julimånaden. Onsdag kveld var det fleire som nytta finverskvelden til å ta seg ein sykkeltur i den fine haustkvelden, og med traktering med bakels m/graut og kaffe var det reint så triveleg på Bordholmen.
Les heile sakaSykkeltrim i kveld
Trimgruppa minner om sykkeltrimmen i kveld. Det er registrering på Bordholmen, men du kan sykle dit du vil og så langt som du vil! PÅ Bordholmen er det også open kiosk og salg av kaffe, bakels og andre forfriskningar. Du kan også kjøpe lodd i sykkellotteriet som blir trekt på siste sykkeltrimkvelden den 12. september. […]
Vekas kampar
Høstsessongen i fotballverdenen er i full gang også på det lokale plan. Todalen.no kjem dermed med ei lita oversikt kvar veke over heimekampane til dei ulike laga, frå G10/J10 og til og med senior. Vi tek med både kampane som går på Bordholmen, Søyabanen, Banksletta og Ålvundfjorden. Desse ligg også ute på IL Søya sin banekalender, og er til ei kvar tid oppdatert ved omrokkeringar.
Les heile sakaMolde vart for sterke for G19
G19 Todalen-Søya-Kvass/Ulvungen møtte sine overmenn mot Molde på kunstgrasbanen i Molde i kveld. Dei tapte 6-1 mot Molde etter at Molde leda 2-0 ved pause. Etter ein jamn 2.-omgang vart sluttresultatet heile 6-1. Laget var nok litt redusert da dei mangla fleire fast spearar som kaptein John Kjetil Gagnat i tillegg til dei langtidsskadde todalsspelarane Ola […]
Klart for Trollheimsmarsjen!
Da er traseen for Trollheimsmarsjen ferdigmerka både på todalssida og på Ålvundeidsida melder Dag Nikolai Gjersvoll i I.L. Ulvungen. Han rapporterer om fine forhold, og håpar sjølvsagt at det ikkje kjem regn. Han anbefaler å gå Tverrlia, da det er blaut myr rundt Litjkjerringhalsen. Postane for naturstien er også på plass, og på nedturen til Ålvundei er postane plassert mellom Vardan og Kjerringvatnet og i heistraseen i Børsetlia.
Les heile sakaA-laget seira over Dahle 2
A-laget til Søya/Todalen tok ein velfortjent seier over Dahle 2 på Bordholmen søndag ettermiddag. Første omgan var det ingen av laga som klarte å finne nettmaskene, men i andre omgang fekk Ole Martin Øyen inn det første målet midt i omgangen. Da laustna det, og Dahle 2 utligna straks etter.
Les heile sakaA-lagskamp på Bordholmen
Søndag kl 15 er det A-lagskamp på Bordholmen igjen. Da møter de lokale menn Dahle 2. Laget har så langt vunne berre to kampar, den siste mot Halsa på torsdag, etter ei scoring av lagkaptein Jan Terje Moen på frispark. Karane har enda tilgode å hente ein tre-poengar på heimebane skriv IL_Søya på si heimeside.
Snart er det seriestart for G14
Kvass/Ulvungen/Søya/Todalen G-14 gjorde ein fin innsats under Norway Cup tidlegare i sommar. No er det snart tid for seriestart, og frå Ingri Bruset har vi fått tilsendt påminning og bilder som er teke av laget under Norway Cup. Ho skriv i e-posten: «Sender bilete av G14-laget til Kvass/Ulvungen/Søya/Todalen som var på Norway Cup. Det er tre todalingar som er med på dette samarbeidslaget. Dei hadde eit fint opphald i Oslo, og heile laget hadde det kjekt ilag såg det ut til.»
Les heile sakaSykkeltrimmen startar på igjen
Trimgruppa i Todalen I.L. melder at dei startar på med sykkeltrim igjen onsdag 15. august. Regisstrering skjer som vanleg på Bordholmen frå kl 18.00 og utover. Det er høve til å sykle dit du vil, men du må innom Bordholmen for registrering. Der reklamerer dei for open koisk med salg av kaffe, bakels og andre forfriskningar.
Les heile sakaJ13 vart slegne ut i semifinalen!
I ettermiddag har Søya-Todalen-Kvass/Ulvungen J13 møtt Bergen Nord/Hovding i semifinalen i B-sluttspelet på Ekebergsletta. Tross i stor optimisme og kampvilje vart Bergen Nord/Hovding for sterke i semifinalen, og kampen endte med tap 1-3. Mari Gjul utlignet for STKU like etter pause, men bergensjentene kom sterkt attende og vann fortjent. Men J13-jentene kan være stolte av resultatet dei har oppnådd under Norway Cup og vi er imponert over den store innsatsen og prestasjonen.
Les heile sakaNorway Cup – Oppdatert om sluttspelet
To av kampane i sluttspelet er ferdig. G19 måtte finne seg i at dei møtte overmakta mot Hauketo, og gikk på eit tap på 0-2. Knut Haugen rapporterer at det var ein jamn kamp, men laget fikk ikkje utteljing for sine målsjansar i 1. omgang. Men Hauketo klarte altså det viktigste, nemleg å score 2 mål. Men den skadeskotne troppa har gjort ei fin innsats i Norway Cup, der spesielt seieren mot Sykkylven var ein sterk prestasjon.
Les heile saka