Styret i Todalen I.L. – 2025
Leiar: Elinor Bolme
Nestleiar: Andreas Brøndbo
Kasserer: Asbjørg Husby
Sekretær: Turid Sæther Todalshaug
Leiar Økonomigruppa: Bjørn Gunnar Ansnes
Leiar Trimgruppa: Torill Talgø
Barne- og ungdomsleiar: Endre Talgø
Bygg- og anleggsleiar: Lars Stensby
Driftsleiar Bordholmen: Lars Stensby
Driftsleiar ungdomshuset: John Moe
Driftsleiar Toåa tursti: Ivar Bolme
Driftsleiar Hett & Svett: Ola Talgø/Eirin Børmark
Driftsleiar Tjønnmyra: Gunnar Nordvik
Driftsleiar skihytta og løypekøyring fjell: Terje Nordvik
Kontrollutval: Leiar: Sondre Halset, medlem: Kristen J. Ørsal og vara: Carina Talgø
Valnemnd: Leiar: Ingrun Torvik, medlem for 2 år: Astrid L. Kvendset og medlem for 3 år: Harald Myrås
Nyheter knytta til Todalen Idrettslag

Iherdig trimgjeng – sykkelsesongen snart slutt
Sykkeltrimmen er ein iherdig gjeng som kvar måndagskveld samlast til fysisk aktivitet – sommars tid er det sykkeltrim og vinters tid er det styrke- og kondisjonstrening på TILs treningsstudio «Hett & Svett» i den gamle BP-stasjonen. I går kveld trefte vi gjengen da dei var ferdige med treninga, og da var det berre den sosiale […]

Inviterer til lagseriestemne tysdag
Tysdag 16. september inviterer Todalen Idrettslag alle Todalingar og alle andre i Stangvik skulekrins til lagseriestemne på Bordholmen stadion. Her blir det lengdehopp med og utan tilløp, kast av liten ball og springing.

Inviterer til sosialt samvær på Tjønnmyran
Søndag 14. september frå klokka 12:00 – 14:00 inviterer Trimgruppa i Todalen Idrettslag til sosialt samvær på Tjønnmyran. Da serverer Trimgruppa kaffe og bakels med graut.

Inviterer til lagseriestemne tysdag
Tysdag 2. september inviterer Todalen Idrettslag alle Todalingar og alle andre i Stangvik skulekrins til lagseriestemne på Bordholmen stadion. Her blir det lengdehopp med og utan tilløp, kast av liten ball og springing.

Friluftslivets år 2025: Nye, gaue arrangement rundt hjørnet
I Surnadal fortsett lag, organisasjonar og kommune å tilby ulike arrangement i anledning «Friluftslivets år 2025». I månadsskiftet august/september er det fleire gaue friluftsarrangement å gle seg til.

Triveleg kveld med fiske og leik – stor stas med fluefiske
Aktivitetskvelden med Todalen I.L. og Todalen elveeigarlag samla mange som hadde lyst til å prøve seg med fluefiske og andre aktivitetar i området ved gapahuken i Båthølen. Elvaeigarlaget hadde fått offentlege midlar for å være med og finansiere eit slikt opplegg. Det var faktisk fleire av borna som ikkje hadde prøvd å handtere ei fiskestang, så lysten og spenninga var stor for å få prøve seg i elva.

Gjentar suksessen med rekrutteringskveld for barn og ungdom
Todalen elveeigarlag gjentar fjorårets suksess med rekrutteringsdag elvefiske for barn og ungdom i alle aldre. I år skjer det i Båthølen, der det er ypperlige forhold for slike aktiviteter – Stig Husby som er leder i Todalen elveeigarlag håper at mange, både stor og små, hiver seg rundt og blir med. – Fjorårets arrangement som ble arrangert på Bruset var en ubetinget suksess. Velkommen til årets arrangement:
Dato: Torsdag 14. august kl. 17.30.
Sted: Båthølen, gapahuken ved Toåa Tursti.

Robotklippar og nytt el-anlegg på Bordholmen
Torsdag kveld var Steffen Møkkelgård frå RBL i Rindal på Bordholmen stadion og monterte Husqvarna robotklipparen Todalen Idrettslaget har kjøpt. I forrige veke fullførte AS Elektro arbeidet med å montere komplett nytt elektrisk anlegg i klubbhuset. Med det nye nærmiljøanlegget som stod ferdig i fjor, ny robotklippar og nytt elektisk anlegg har idrettslaget investert rundt ein million på Bordholmen stadion dei siste to åra.

Hett & Svett
Drfitstleiarane for Todalen Idrettslag sitt treningsstudio, Hett & Svett, fekk tysdag 15. juli ei litt trist tilbakemelding frå ein fast brukar av treningsstudioet. «Det var trist å komme på Hett & Svett idag, for å måtte starte oppvarminga med å rydde på plass manualar og anna treningsutstyr, rydde vekk godterisøppel og tomflasker», heitte det mellom anna i meldinga.

Da smaka det ekstra godt med bakels og graut
Søndag inviterte Skihyttegjengen til bakelslag på Skihytta. I det fine vêret var det mange som tok turen og rundt 25 personar vart traktert med kaffe og bakels på terrassen på Skihytta. Knut Halset er «kjøkkensjef» og sørga for å få start på agregatet, slik at det vart varme i dei 3 bakelsjarna.

En stor takk for gaven fra Ræta Opp 2025
NKS veiledningssenter for pårørende retter en stor takk til alle som bidro til at Ræta Opp 5. juli i Todalen ble en suksess! – Først av alt vil vi si tusen takk til deltakerne i Ræta Opp, der startkontingenten i sin helhet gikk til NKS veiledningssenter denne gangen.

Inviterer til bakels med graut på Skihytta søndag
Søndag 13. juli frå klokka 11:00 inviterer driftsstyret for Skihytta til bakels med graut og kaffe på Skihytta. Serveringa tek altså til klokka 11:00 og varer til ut på ettermiddagen rundt klokka 14:00.