Styret:
Leiar: John Moe
Nestleiar: Ragnar Halle
Kasserar: Sven Olav Svinvik
Sekretær: Inger Johanne Iversen
Styremedlem: Britt Mossing
Varamedlem: Knut Halset
Varamedlem: Åse Ville Redalen
Skannarpatrulje (arkivere bilete av historisk verdi):
Ingri Bruset og Ragnhild Ansnes Moe
Skriftstyre for årsskriftet:
Wenche Østenby Kvendset, Sven Olav Svinvik, Inger Johanne Iversen,
John Moe, Ragnar Halle.
Nyheter knytta til Todalen historielag 2023

Vellykka Geilvegtur.
Turen som i går vart arrangert av Todalen Historielag frå Halsetreita, ovanfor Halsetgardane og viare ut til Hyllneset kan ikkje beskrivast som anna enn velykka. Mellom 60 og 70 personar frå 4 til mesta 90 år deltok i eit strålande solskinn.
Les heile saka
På gjengrodde stiar.
Førstkommande søndag kl 13 inviterer Todalen Historielag til vandring av den gamle bygdavegen frå Brannstasjonen (den gamle) til Ansneset, også ved navn Gjeilvegen. Her vil turen gå ovanfor Halsetgardane, over Todalsøra og Nessahaugen til Hyllnesbukta. Der blir det snuing, før turen går om Todalsøra til slutt.
Les heile saka
Skannerpatrulja er i farta…
Det er Todalen historielag som har starta arbeidet med å skanne og registrere gamle bilete som vi kallar skannerpatrulja. Ingri Bruset og Ragnhild Ansnes Moe kjem til å jobbe med gamle bilete og historielaget har ordna seg med ein «mobil» skanner til slikt bruk.
Les heile saka
Årsmøte i historielaget
Torsdag kveld var det årsmøte i Todalen historielag i Ungdomshuset. Det var oppmøtt eit tjuetals medlemar da historielaget summerte opp eit aktivt år i 2009. Laget har over 170 betalande medlemar, og det må vel kunne seiast å være bra når det er knappe 350 innbyggarar i bygda (med smått og stort).
Les heile sakaHugs årsmøtet i historielaget!
Todalen historielag minner om årsmøtet som foregår i Ungdomshuset torsdag kveld 4. mars kl 19.30. Forutan valege årsmøtesaker vert det kåseri med Bernt Bøe og demonstrasjon av www.kulturminneatlas.no. Vel møtt!

Historielaget med kulturminneatlas – og årsmøte.
Det er stor aktivitet i historielaget for tida, fortel ledar Maren Ansnes. Det er no årsmøtetid, og torsdag 4. mars kl 19.30 har laget årsmøte i Todalen Ungdomshus. Forutan vanlege årsmøtesaker vil det bli eit interessant kåseri med Bernt Bøe, og ein presentasjon og demonstrasjon av den nye internettsatsing www.kulturminneatlas.no.
Les heile sakaÅrsmøte i Todalen historielag
Todalen historielag held årsmøte i Ungdomshuset torsdag 4. mars kl 19.30.
På saklista står vanlege årsmøtesaker.
På programmet elles står kåseri med Bernt Bøe og orientering om Møre og Romsdals kulturminneatlas.