Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Vellykka Geilvegtur.

Vellykka Geilvegtur.

Elinor Bolme Måndag 31. mai 2010

Turen som i går vart arrangert av Todalen Historielag frå Halsetreita, ovanfor Halsetgardane og viare ut til Hyllneset kan ikkje beskrivast som anna enn velykka. Mellom 60 og 70 personar frå 4 til mesta 90 år deltok i eit strålande solskinn.

Anders Halset og delvis John Moe var kjenntmenn på ferda, med mykje interessant å fortelja om dei ulike plassane som vart forbigått. 

Ved vegs ende uti Hyllneset vart det snuing for så å gå vegen av dagens standard innat på Todalsøra. Det var det traktement å få etter ein lang marsj.

Foto: Elinor Bolme

Først publisert: 31. mai 2010, 19:04 - Sist oppdatert: 17. november 2010, 10:42