Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
På gjengrodde stiar.

På gjengrodde stiar.

Elinor Bolme Onsdag 26. mai 2010

Førstkommande søndag  kl 13 inviterer Todalen Historielag til vandring av den gamle bygdavegen frå Brannstasjonen (den gamle) til Ansneset, også ved navn Gjeilvegen.  Her vil turen gå ovanfor Halsetgardane, over Todalsøra og Nessahaugen til Hyllnesbukta. Der blir det snuing, før turen går om Todalsøra til slutt.

Undervegs vil det bli fyldig guiding av Anders Halset, samt ein rast på Todalsøra med forfriskningar.

Historielaget ynskjer spesielt å invitere medlemane i Start 4H, då dette er ei fin anledning til å bli kjendt med deler av bygda si på.  -Men for all del, dette er eit arrangement som er ope for absolutt alle! seier den regnkledde «massen» som skal ut å prøvegå ruta no i kveld.

Sjå plakaten her

Først publisert: 26. mai 2010, 09:58 - Sist oppdatert: 17. november 2010, 10:42