Styret:
Leiar: John Moe
Nestleiar: Ragnar Halle
Kasserar: Sven Olav Svinvik
Sekretær: Inger Johanne Iversen
Styremedlem: Britt Mossing
Varamedlem: Knut Halset
Varamedlem: Åse Ville Redalen
Skannarpatrulje (arkivere bilete av historisk verdi):
Ingri Bruset og Ragnhild Ansnes Moe
Skriftstyre for årsskriftet:
Wenche Østenby Kvendset, Sven Olav Svinvik, Inger Johanne Iversen,
John Moe, Ragnar Halle.
Nyheter knytta til Todalen historielag 2023

Inviterer til kulturvandring på Kvennset
Laurdag kl 14 inviterer Todalen historielag til kulturvandring på Kvennset. Kvennsetgarden har mykje å by på, vi kan berre nemne både gammelt og nytt kraftverk, settefiskanlegg, møbelindustri og historia om gamle sommarfjøs på Kvennsetøran.

Historielag med tur til Storlidalen
Todalen historielag og Stangvik historielag arrangerer busstur til Storlidalen og Oppdal laurdag 17. juni. Det blir eit allsidig program med guiding av lokal kjentmann i Storlidalen og omvisning på Oppdalsmuseet.

Årsmøte på rekordtid for historielaget
Årsmøtet var unnagjort på knappe halvtimen, da Todalen historielag samla eit 40-tals medlemar i Todalen ungdomshus. Leiar John Moe klubba gjennom dei godt førebudde årsmøtesakene, med årsmelding, rekneskap og val i tur og orden.


Skuletur til Bollknobben
Frå Todalen Historielag sitt rikhaldige arkiv presenterer vi i dag eit bilete frå ein skuletur til Bollknobben frå tidleg -50 tal. Ein hyggeleg tur, etter oppstillinga å sjå til.

Årsmøte i Todalen historielag
Kunngjering frå Todalen historielag:
Årsmøtet i Todalen historielag blir halde i Todalen ungdomshus torsdag 23. mars 2017 kl. 19.30.

Todalen historielag med vellykka filmkveld
Det var fullt rundt borda i Ungdomshuset da John Moe, leiaren i Todalen historielag, ønskte vel møtt til årets filmkveld; nær 70 personar var møtte fram! Svein Åge Saksen var ansvarleg for program og film.

Filmkveld og tilbakeblikk med historielaget
Tysdag 28. februar kl 19.30 inviterer Todalen historielag til filmkveld med historisk tilbakeblikk til 1990-talet. Svein Åge Saksen har fanga inn mykje god og artig historie med sitt videokamera. No har han redigert materialet og vil vise oss ein knapp time med klipp frå 90-talet under filmkvelden i Todalen ungdomshus.

Med vêr og vind til ettermiddagskaffen…
Ettermiddagskaffen til Todalen historielag er populær – søndag ettermiddag samla dei rundt 50 personar i ungdomshuset. På programmet stod kaseri om ver og vind – ord og uttrykk med Gunnvald Bøe frå Bøfjorden.

Ettermiddagskafé: – Vêr og vind blir tema…
Komande søndag, frå kl 15.00 og utover, arrangerer Todalen historielag tradisjonell ettermiddagskafé i Todalen ungdomshus. Denne gongen byr historielaget på kåseri med Gunnvald Bøe, som vil kåsere om ord og uttrykk som er knytta til vêr og vind – og kanskje andre historier. I tillegg vil «Skannerpatrulja» vise nokre gamle bilder frå historielagets arkiv.

Førsjulstreff med saltkjøttmiddag og nissebesøk – ei levande bygd!
Det vart ei triveleg førjulssamling i ungdomshuset søndag. Krafttak for kratt var dagens tema, og jammen vart det eit krafttak. Rundt 25.000 blanke kroner kom inn til aksjonen som skal settast i gang når det lir til vårs. Da skal krattskogen til pers. Kjøkkengjengen fikk salg på 80-90 porsjonar med saltkjøtt og kårabistappe, og det var god stemning og praten gikk lett rundt borda…..

Vangsgutane på Norge Rundt- for 26 år sidan
Av og til dukkar det opp ein godbit frå gamle arkiv. Denne gongen var det eit innslag frå Norge Rundt den 21. desember 1990 som fanga interessa. Denne sendinga hadde eit innslag frå Todalen, sidan Vangsgutane fylte 50 år dette året. Todalingane hadde naturleg vis dramatisert eit av stykkja som vart sendt i beste sendetid.