Utrykningsleiarar: Håvard Halset og Marie Martinussen
Øvrige: Ståle Ansnes, Bjørn Kvendset, Dan Roger Pedersen og Anders A. Karlsen
Nyheter knytta til Todalen Brannvesen

«Nye» M.3.2 ute på øvelse for første gong
I går kveld var det lokale brannmannskapet i Todalen ute på øvelse. Det var hverken røyk eller ild inne i bildet, men spyling og kontrollering av slanger og øvrig utstyr. I løpet av eit år har brannmannskapet rundt 6 øvelsar, pluss førstehjelspsøvelsar i tillegg. Nokre gonger i lag med brannmannskapet i Surnadal og på Kvanne, andre gongar åleine, som her.

Så kom det ny brannbil åt bøgden…
Den gamle Dodge’en så var frå 80-talet ein gong, fikk i dag avløysing av ein nyare bil som utstyrs- og uttrykningsbil for brannvernet i Todalen. Om den ikkje akkurat var heilt ny, så er den iallfall nyare. Det er ein Toyota Hi-Ace som tidlegare har vore i tjeneste i kommunen som no er spesialinnreidd til […]

Gjer seg klar for nytt Nødnett
Onsdag kveld var brannmannskapene tilhørande Todalen og Kvanne samla på Stangvik skule til gjennomgang av bruk av nytt utstyr ved overgang til Nødnett. Til dagleg har dei alle varslarar på seg som er kopla til 110 sentralen i Ålesund. Dagens system kan til tider opplevast ustabilt. Todalen har som kjent hatt utfordringar med signal og utfall av sendar som signala går igjennom.

Snart ferdig med feiinga i Todalen
Feiarane Jon Nordvik og Hans Chr. Hårstad er snart ferdig med runden rundt bygda med pipefeiing. Pipene blir feidd annakvart år, og da sørgejer dei for at sot og beksot blir fjerna for å redusere faren for pipebrann. I tillegg er ein del av arbeidet deira å drive forebyggende arbeid resten av tida.
Pakkar du rett?
Todalen barnehage har eit samarbeid med Stiftelsen Norsk Luftambulanse. Hensikten er å kunne formidle temaer som innebærer tryggheit for små og store. Dei sender ut e-post til barnehagen, som igjen videresender til foreldre og ansatte. Sidan det no er ferietid og mange driv med pakking av utstyr i bil kan det kanskje vere av interesse at flest muleg får ei lita påminning om kva som er lurt og ikkje.

Vårpuss på alle frontar…
Torsdag var det vårpuss på alle fronter. Todalen brannlag hadde sin årlege innsats med spyling av plassen framfor Talgø og Matkroken. Sjølv om det var litt motortrøbbel på brannpumpa så vart det gullande reint. Ein børstebil frå Eidsøra Betong tok eit par rundar rundt bygda og sopa saman restane av strøsanden som låg att rundt vegkantane. Den børsta og støvsuga og samla strøsandrestane i tanken.

Overveldande oppmøte
Langt over 30 personer møtte i går kveld opp på Bordholmen for å delta på eit enkelt førstehjelps- og hjartestartarkurs. Omsorgsberedskapsgruppa i Todalen Sanitetsforening som sto som arrangør var overvelda over antall frammøtte. Ikkje minst var det veldig positivt at absolutt alle aldersgrupper var representerte. Hjartestartar Hjartine som tidlegare har vore forvalta av Todalen brannvesen, vart denne kvelden oppmontert i eigen skåp inne i gangen på Bordholmen, og skal auke beredskapen ved alle idrettsarrangement ved fotballanlegget.

Saniteten flyttar hjartestartaren
Etter at brannmannskapet i Todalen tidlegare i vinter var på todagers kurs og fekk med seg heim ein splitter ny hjartestartar frå Norsk Luftambulanse, vart det plutseleg to hjartestartarar i bygda. Todalen Sanitetsforening starta derfor jobben med å omplassere den som brannmannskapet fram til mars hadde hatt forvaltningsansvaret for.
Rettetid: Ukjent!
Ordførar Mons Otnes har på vegne av opprørte todalingar i dag forsøkt å få klarskap i manglande telefonforbindelse i bygda. Han har fått oppgjeve at det er brot nok ein gong i sendaren ved Ørsalen. I følge Telenor er dette no ei høgt prioritert sak og dei jobbar for fullt med feilretting, men dei kan ikkje på føremiddagen i dag fastsetje rettetida. Ordføraren håper at han får telefon før kl 16 i dag, om at alt er tilbake til normalt igjen.

Livreddande førstehjelp med høgt nivå
Sist veke var så å seie alt brannmannskap i Surnadal kommune samla på brannstasjonen i Røtet for å delta på eit todagars førstehjelpskurs. 4 instruktørar frå Norsk Luftambulanse hadde sett av totalt fire dagar til samlinga i Surnadal, der dei tre brannstasjonane Surnadal, Todalen og Kvanne var representert. Kurset gjekk i hovedsak på handtering av […]

Opphevar forbod mot bålbrenning
Forbodet mot open eld og bålbrenning er oppheva i dag. Det er kanskje ikkje nokon nyheitbombe, da det har regna såpass at det ikkje lenger er nokon brannfare. Brannsjefane på Nordmøre oppfordar folk til å være forsiktige, da det kan være lokale variasjonar i nedbørsmengden.

Har du lyst til å bli brannkonstabel?
I Todalen har Surnadal kommune ledig jobb som deltids brannkonstabel frå 1. juli, kan vi lese på heimesida til Surnadal kommune. Ein av konstablane når no aldersgrensa for slik teneste, og vi har godt håp om at nokon kan bli med å ta del i brannsikringsarbeidet lokalt i Todalen, seier brannsjef Tor Arne Moen til Todalen.no