Sist veke var så å seie alt brannmannskap i Surnadal kommune samla på brannstasjonen i Røtet for å delta på eit todagars førstehjelpskurs. 4 instruktørar frå Norsk Luftambulanse hadde sett av totalt fire dagar til samlinga i Surnadal, der dei tre brannstasjonane Surnadal, Todalen og Kvanne var representert.
Kurset gjekk i hovedsak på handtering av hjertestartar og oksygentilførsel, men instruktørane var også inn tema som frigjering, sårskadar og blødningar.
Etter endt opplæring fredag ettermiddag fekk siste pulje utdelt kvar sin hjertestartar med oksygentilførsel for å ta med «heim» til sine respektive avdelingar frå instruktørane. Det betyr at det no er hjartestartar registrert hos AMK også på Kvanne i tilknytning til dei 6 frivillige mennene som er ansatt der. I Todalen derimot, vart vi dermed så heldige å få to hjartestartarar, der den nye vil erstatte den som brannmannskapet har forvalta på vegne av Todalen Sanitetsforenings initiativ. Denne vil etter all sannsynlighet innan kort tid få ein ny lokasjon.
Før avreise frå Surnadal fekk Brannsjef Tor Arne Moen beskjed om å formidle til sine undersåtter at instruktørane var meget imponert over tilgjengeleg mannskap, både med tanke på innsats, og ikkje minst nivå. Betryggande for oss og heil sikkert inspirerande for kursdeltakarane.
Under er eit bildegalleri frå begge partia; tirsdag/onsdag og torsdag/fredag. Foto ElinorB og Tor Arne Moen/Surnadal Brannvesen