Styret/ tillitsvalde i Stangvik Historielag 2024
Leiar: Einar Grønnes
Nestleiar: Marit Haugen
Kasserar: Lars Gudmund Røen
Sekretær: Erling Myrbostad
Styremedlem: Rolf Smisetfoss
Varamedlemmer: Anny Haugen og Torbjørn Polden
Revisorar: Oddvar Kvande og Anders Nordvik
Tilsyn Steinløa: Bjarne Holten og Sverre Ranes
Valkomite: Solvor Røen (leiar), Ivar Melkild, Per Haugen
Skriftstyre:
Marit Haugen
Torbjørn Polden
Lars Steinar Ansnes
Berit Anne Røkkum
Nyheter knytta til Stangvik Historielag
Stangvik historielag – årsmøte
Stangvik historielag kallar inn til årsmøte tysdag 19. februar kl. 1900. Det skjer på Jokerbutikken, Kvanne, og forutan vanlege årsmøtesaker vil dei forsette etter årsmøtet med temakveld. På programmet står da orientering om kulturminneregistrering og nye vegnamn frå todalskrysset til Stangvik, melder styret. Her kan du laste ned plakaten.
Markering av kulturminnedagen søndag 9. september
Som dei to siste åra blir det også dette året eit arrangement på Åsen Bygdemuseum med Todalen historielag og Stangvik historielag. I år blir museumsdagen ei markering av kulturminnedagen. Den norske kulturminnedagen vert markert kvart år i september, med arrangement over heile landet. Formålet med kulturminnedagen er å bidra til å skape forståing og interesse for kulturminner og kulturmiljø. Årets tema er «Møtestader», noko som passar godt for å markere dagen akkurat på Åsen med si lange historie som møtestad – som soldatgjestgiveri, skysskifte, gamalheim og no som museum.
Les heile sakaKulturvandring til Kvennbøtæla
Søndag arrangerte Stangvik Historielag kulturvandring til Kvennbøtæla. Guider var Lars Steinar Ansnes og Torbjørn Polden, med god hjelp av Gustav Kvendbø og Gudrun Bele. Omkring 20 personar møtte opp i Kvenndalen på kanskje den finaste verdagen hittil i sommar. Turen gjekk så til Kvennbøsetra og vidare innover Tæla til heimre gjetarhytta og ned til Garden i Kvenndalen.
Les heile sakaHistorisk vandring til Nordviksetra
Søndag 10. juni arrangerte Stangvik Historielag tur til Svinviksetrene og Nordviksetra. I overkant av 20 personer møtte ved forsamlingshuset kl. 1000, og derfra gjekk turen med bil fram til parkeringsplassen ved Nordviksetra. Her orienterte Oddvar Mikkelsen om damanlegget og kraftstasjonen på Nordvik som ble satt i drift i 2006. Siste år ble det produsert kraft til en verdi av kr. 5 mill. Det må vel sies å være et brukbart resultat på de 4 gårdene som har stått for utbyggingen, selv om dette er langt fra netto.
Les heile sakaKulturvandring søndag 10. juni
Stangvik historielag melder om kulturvandirng til Nordviksetra og Svinviksetra søndag 10. juni. Start frå Nordvik forsamlingshus kl. 1000. Vi kjører bil etter bomvegen til parkeringsplassen ved Sørbrua. Vidare vandrar vi i roleg tempo langs vegen til inntaksdammen for Nordvik Kraft, og etter myrane innover til Svinvikseterstølen. Svein Olav Svinvik er med som kjentmann og kan fortelje om både nysetra og gammerlsetra i Svinvika.
Les heile sakaHistorisk vandring på Kvanne
Stangvik historielag vil gjenta suksessen med kulturvandirng på Kvanne. Etter utallige oppfordringar om reprise på vandringa, blir det ei ny vandring laurdag 12. mai kl. 1200. Alle som vil delta kan møte ved Jokerbutikken. Magne Hansen er guide, og etter vandringa blir det ei enkel servering.
Mykje Stangvikhistorie mellom permane
Det er ikkje berre todalen Historielag som lagar historiske trykksaker. Stangvik historielag er forlengst på banen med nytt årsskrift for 2011. Heftet har 82 sider, med tilsaman 24 artilar og innslag, – alle med tema frå gamle Stang sokn. Det er stor spredning i stoffet, og litt for ein kvar smak. Det er eit par artiklar som omtalar næringslivet i Stangvik kommune, og vidare er det ein omtale av «den Trondhjemske postvei», om skulen på Nordvik, gamle sommarfjøs, konfirmantane i 1961, om gravemaskinene til Grytskog-karane, fløyting i Søyåa og mykje meir.
Les heile sakaTemadag med premiere på aldersheimen
Føre helga fekk vi besøk av Martinus Ranheim her på aldersheimen. Han hadde med seg ferske eksemplar av Stangvik Historielag sitt årsskrift for 2011 som vi fekk. Takk for gåva! Martinus las om Stangvik rundt 1890 ut ifrå eit bilete og eit måleri. Teksta er skrive av Terje Ramsøy-Halle og vi fekk mykje historie rundt gardar, heimar og hus! Mange av oss var kjente med noko av stoffet, men fekk høre mykje nytt! Vi var lydhøre på Blåstua denne føremiddagen.
Les heile sakaKulturhistorisk vandring på Kvanne
Kvanne var kommunesenteret da Stangvik vart lagt ned som kommune og delt mellom Surnadal, Sunndal og Tingvoll på midten av 1960- talet. Torsdagskvelden 11.8. kl 1900 inviterer Stangvik Historielag til en tur «gatelangs» og attover i tid til kommunesenteret, handelsstaden, samferdselsknutepunket og til de aktiviter dette førte med seg. Møt opp på Joker-butikken kl 19.00. […]
Kvenndalsboka i sal
Frå Lars Steinar Ansnes har vi fått melding om at boka «»Kvenndalen med Kvennbøtæla og Engjamarka» no er i sal. Forfattarar er Erling Myrbostad, Torbjørn Polden og Lars Steinar Ansnes. Stangvik Historielag står som utgjevar. Stangvik Historielag arrangerar bokkveld på Stangvik skule tysdag 7. desember.
Les heile sakaStangvik historielag med årsskrift
Denne veka kom det nye årsskriftet til Stangvik historielag i salg. Leiar Einar Grønnes rosa bidragsytarane og redaksjonsnemda for arbeidet med årsskriftet. 100 sider med 23 artiklar, der tekst og bilder famnar vidt i tid, emne og geografi. Mellom anna er det ein artikkel om da Todalsfjorden/Stangvikfjorden var islagt heilt ut til Aksneset i 1940-åra.
Les heile saka