Foreininga Venner av Skulstuå i Todalen er ei støtteforeining for stiftinga Skulstuå i Todalen.
Foreininga skal arbeide for at Skulstuå i Todalen skal:
- vere eit kulturminne og ein samlingsstad for alle
- vera ein open møteplass for lokal-, regional-, nasjonal- og internasjonal kulturutveksling
- huse møteplass for lag, foreiningar og organisasjonar
- syna bygda si lange skule- og kulturhistorie, frå første fastskule i 1860-åra (Skulstuå) og fram
til i dag - synleggjera at dette er barndomsheimen til forfattaren og folkemusikar Leif Halse
Styre:
Ragna Kvendset (leiar
Jon Olav Roaldset
Sissel Halset Storslett
Siri Skjerve
Line Kvendset
Nyheter knytta til Skulstuå i Todalen

Gammelskulen for 1 krone.
Både Driva og Trollheimsporten har i løpet av helga orientert om at Gammelskulen i Todalen no er bestemt seld til ”Gammalskulen lokalhistoriske og fleirkulturelle senter». Som tidlegare nemt hadde dei lagt inn bud på skulen til 1 krone, og fekk no dette innvilga på siste komunestyremøte, med frist for å realisere prosjektet innan 1. september.
Les heile saka
Gammelskulen for 1 krone.
På Trollheimsporten kan vi lesa at Formannskapet i Surnadal har gått inn for at Gammelskulen skal selgast for 1 krone til «Gammelskulen lokalhistorisk og flerkulturellt senter». Dette etter at ei interimgruppe tilhøyrande dette nye laget i Todalen sjølv har foreslått det. Saka har no vore oppe i formannskapet, og etter kva Trollheimsporten skriv, så vart dette einstemmig vedteke, lell om ikkje alle politikarane hadde tru på tiltaket. Saka går så vidare til kommunestyret i mars, for avgjersel og endeleg vedtak.
Les heile saka
Gammelskulen som samlingslokale?
Laurdag ettermiddag hadde prosjektgruppa som arbeider for «Gammelskulen lokalhistoriske og fleirkulturelle senter» åpen dag i gammelskulen, og det var innom eit tjuetalls personar for å diskutere og høyre kva huset eventuelt kan brukast til i framtida.
Les heile saka
Velkomne til Gammelskulen
Laurdag 11.desember frå kl 12.00 – 15.00 ynskjer prosjektgruppa for «Gammelskulen lokalhistoriske og fleirkulturelle senter», alle interesserte til orientering om muligheiter for framtidig bruk av Gammelskulen.
Les heile saka
Stiftinga Gammelskulen lokalhistorisk- og fleirkulturelt senter
Ei prosjektgruppe som arbeider med planer for å bevare Gammelskulen og utvikle den til eit lokalhistorisk og fleirkulturelt senter, ynskjer å invitere alle som er interesserte til å ta del i prosjektet som tek sikte på å:
· Ta vare på og vise den rike bygdekulturen vi har
· Ta vare på og vise det fleirkulturelle mangfaldet vi har i kommunen