Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Triveleg familietreff

Triveleg familietreff

Jon Olav Ørsal Onsdag 14. november 2012
Frå Line Kvendset har vi fått e-post og  bilde frå familietreffet som var i Skulstuå sist laurdag. Ho skriv: «Sender nokre bilder frå ein triveleg formiddag i Skulstuå. Vi var 20 personar  tilsaman og hadde absolutt eit vellykka arrangement.  Det blir nytt familietreff igjen søndag 2. desember kl. 11 Da blir det juleverkstad for dei som vil være med på det, eller du kan berre kom innom på ein kopp gløgg. Vi garanterer god julestemning!» Nedafor finn du bilder frå familietreffet.

 

Først publisert: 14. november 2012, 21:58 - Sist oppdatert: 15. november 2012, 00:34