Foreininga Venner av Skulstuå i Todalen er ei støtteforeining for stiftinga Skulstuå i Todalen.
Foreininga skal arbeide for at Skulstuå i Todalen skal:
- vere eit kulturminne og ein samlingsstad for alle
- vera ein open møteplass for lokal-, regional-, nasjonal- og internasjonal kulturutveksling
- huse møteplass for lag, foreiningar og organisasjonar
- syna bygda si lange skule- og kulturhistorie, frå første fastskule i 1860-åra (Skulstuå) og fram
til i dag - synleggjera at dette er barndomsheimen til forfattaren og folkemusikar Leif Halse
Styre:
Ragna Kvendset (leiar
Jon Olav Roaldset
Sissel Halset Storslett
Siri Skjerve
Line Kvendset
Nyheter knytta til Skulstuå i Todalen

Skulstuå får ny vêrvegg…
Vêrveggen på Skulstuå (Gammelskulen) blir i desse dagar skifta ut. Da vi knipsa bilete i skyminga var arbeidet forlengst slutt, men det er snikkarar frå Latvia som utfører arbeidet. Ytterveggen hadde nok stått sitt høgst, og blir no skifta samstundes som ei av skottdørende blir kledd att. Tidlegare er vindauga mot vegen skifta ut på grunn av råteskade, og det blir vel meir vedleikehald etter kvart.

“Sjarmerande dyktig!”
Det var eit allsidig og spennande konsertprogram som kraftfult vart framført onsdagskveld i Skulstuå av familien Kvendset. Minstemann Alfred på trekkspel, opna konserten med “Gøy på landet” og Hallvard og Bodil song vakkert “Amacing Grace”. Det var eit musikalsk spenn frå gospel, folketonar til reilender, polka og masj. Familine som ferierer på Ljosheim oppi Rabbgrenda bur i Vannvikan.

Onsdag: Sommarkonsert i Skulstua
Førstkomande onsdag kl 19 inviterer familien Kvendset til sommarkonsert i Skuststua i Todalen. Det er Ingebrigt, Randi og tre av borna – Hallvard, Bodil og Alfred som vil underhalde oss med song og musikk. hallvard og Alfred trakterer trekkspell, medan Bodil vil sørgje for tonar frå sin fiolin.

Ein uformell møteplass
Skulstuas venner held i går ope hus i Skulstuå med servering av saft, kaffe og kaker på ein elles så nitrist vêrdag. Eit absolutt godt tiltak for å få ut folket i bygda. For det er nok i kjennsgjerning, at å dukke opp hos naboen på uventa besøk over ein kaffekopp, nei det gjer vi ikkje lenger… Då er Skulstua sine laurdagstreff ein fin anledning til å treffe både naboar, kollegaer og kanskje stifte nye bekjenntskap.

Ny familiedag laurdag
Laurdag 3.mai blir det igjen arrangert familiedag i Skulstuå, med ope hus frå kl 12.00 til 15.00. Alle er velkomne til ein triveleg prat er over ein kopp kaffe og gode kaker.

Skjærpeplogen – historisk film i Skulstuå
“Ut på tur med Skjærpeplogen” er ein film Eistein Bæverfjord har laga. Onsdag 9.april kl. 19.00 er det framsyning av filmen i Skulstuå. Filmen har gått sin «seiergang» rundt om kring på Nordmøre, og no får du altså høve til å sjå filmen i Skulstua komande onsdag.

Laurdag: Ny familiedag i Skulstuå
Laurdag 29.mars samlast vi til familiedag i Skulstuå, med ope hus frå kl 12.00 til 15.00. Alle er velkomne til ein triveleg prat er over ein kopp kaffe og gode kaker i Skulstuå.

Evert Taube-kveld i Skulstuå
Måndag 24.mars kl 19.00 ynskjer venner av Skulstuå alle velkomne til konsert i Skulstuå.
Dei er helding og frå igjen besøk av musikaren og entertainaren Odd Arne Halaas frå Eide. Han turnerer rundt i mange land med ulike musikalske samansetningar og sjangre, samtidig som han også turnerer rundt om her i landet.

Skulstuå vart klebutikk
Skulstuå kan brukast til så mangt, og laurdag var den for eit par-tre timar gjort om til klebutikk. Det var Torill Gjeldnes som hadde invitert Isabel Fureli frå rindalsskogen til såkalla homeparty for barneklekjeda Pomp de Lux. Det hadde vore bra besøk utover dagen, og begge vertinnene var godt nøgd med responsen.

Internasjonal kafe og Lussi Langnatt
Inviterer til internasjonal kafe og feiring av Lussi Langnatt i Skulstuå fredag den 13.desember kl 18.00. Nedafor har vi lagt ut nokre bilder frå siste familedag i oktober, då ni ulike nasjonalitetar var samla til sosialt samvær. Alle er velkomne!

Familiedag i Skulstuå
Ragna og Line Kvendset ønsker alle velkommne til familiedag kommande laurdag i Skulstuå.Her blir det høve til å få ein prat over ein kopp kaffe, og noko godt å bite i. Teiknekroken og uteleik for ungane. Åpent frå 12-15.

Gjer di borgarplikt!
Vi var på plass da vallokalet i Todalen skule opna kl 12, for å ta i mot stemmesetlar for stortingsvalget. presis kl 12 slapp den første veljaren inn i stemmelokalet, og sidan gikk det slag i slag. I Skulstuå (Gammelskulen) var dei også klare til å sette i gang soknerådsvalet, og begge vallokala held ope til måndag kveld kl 20.00.
Les heile saka