Kvar onsdag er det middagsservering i Sanitetshuset. Dette er eit tilbod som har vore fast her i Todalen sia februar 1990. Det var Jon Lunde i si tid som var eldsjela til dette positive arrangementet, og med seg på laget hadde han kokkane Jenny Kvendset og Olina Halle den første tia.
No er det Eldregruppa i Todalen som tek av seg det administrative rundt middagsserveringane som går føre seg kvar onsdag i Sanitetshuset. I dager det Anne Moe som er leiar, medan Martinus Torvik er både sekretær og kasserar.
Kvar onsdag er det altså rundt 20 eldre som møtes til dekka bord og god servering. Dei betaler litt for seg, slik at det heile skal gå i rundt, men i tillegg har Eldregruppa og fått midlar til drift frå Svorka, Surnadal Sparebank og Surnadal kommune via dei ulike midlane dei deler ut. I 2008 fekk dei også tilskudd frå kulturavdelinga i fylket. Då gjorde gruppa litt stas på medlemmene sine ved å dele ut gåstavar til dei som ville ha.
Nyheter knytta til Eldremiddagen
Ein «godbit» på eldremiddagen…
Komande onsdag (25. februar kl 13) blir det feittysdag på Eldremiddagen i Sanitetshuset. Litt forsenka i høve til kalenderen, men dei kjem godt etter, og lovar mykje og god mat. Menyen er sjølvsagt «Kjøtt & påsse» med høveleg tilbehør, og dessert etterpå. Ring gjerne og meld frå at du kjem til telefon 91337168 eller 71663598. Eldremiddagen minner […]
Eldremiddagen startar på igjen…
Eldremiddagen har har «ferie» sia lenge før jul, men no startar dei på igjen med ein ny sesong. Det skjer onsdag 21. og onsdag 28. januar til vanleg tid kl 13.00. Menyen er ikkje klar enno, men det blir god og heimlaga mat, fortel Reidun Østvik på telefon til Todalen.no.
Eldrearbeiderprisen til Bæverfjord
Tirsdag arrangerte Surnadal pensjonistlag tradisjonell julemiddag på Nordmøre folkehøgskule. Under julemidagen er det også tradisjon å utdele Eldrearbeidsprisen i regi av Eldrerådet. Denne gangen var det ildsjelene i Hyggekroken i Bæverfjord som fikk prisen, som vart delt ut av ordfører Lilly Gunn Nyheim. Reidun Østvik, som er medlem i Eldrerådet har sendt oss en e-post, der hun skriver om prisutdelingen:
Julemeny på Eldremiddagen
Komande onsdag er det tradisjonell julemeny på Eldremiddagen, fortel Reidun Østvik til Todalen.no. Den startar til vanleg til, kl 13.00 og ho håpar at mange tek seg tid til å ta del i den siste eldremiddagen før jul. Som vanleg er det fint om du tek ein kontakt på telefon 91337168 eller 41422604.
Komfyrvakt på Eldremiddagen
Onsdag er det nytt arrangement på eldremiddagen i Sanitetshuset som allereie annonsert. Eldremiddagen får da besøk av feier Jon Nordvik som vil sette orientering om komfyrvakt på dagsorden. Det er ei kjent sak at mat som blir glømt på komfyren er ei hyppig brannårsak, og Nordvik vil orientere om korleis du kan montere slikt utstyr og korleis den verkar
Byr på fårikål!
Onsdag står det fårikål på menyen på Eldremiddagen. Da er det høve til å smake på årets lam, fortel Reidun Østvik til Todalen.no. Ho ønskjer nye og gamle medlemar veloken til middag i Sanitetshuset onsdag til vanleg tid kl 13.00.
Kjøtt & påsse i lange baner
Det dufta godt av kjøtt & påsse heilt utpå gardsplassen utafor Sanitetshuset, og smaksløkane vart stimulert på direkten. Vi snakkar sjølvsagt om eldremiddagen, som hadde kjøtt & påsse på menyen sist onsdag. Eldremiddagen har tradisjon for å servere skikkeleg god og heimlaga tradisjonsmat, og denne dagen var det fleire tilreisande, med ordførar Lilly Gunn Nyheim i spissen. Eldrerådet hadde også lagt sitt møte hit, og vart med på middagen som samla godt over trettitalet til bords.
Kjøtt å påsse på menyen
Førstkommende onsdag serverer Eldremiddagen Todalen serverer “Kjøtt og Påsse” og med tradisjonelt tilbehør. Tradisjon tro har de også i år invitert ordfører og rådmann, samt medlemmene i Eldrerådet i Surnadal Kommune denne dagen.
Inviterer til eldremiddag..
Onsdag kl 13 er det ny runde med eldremiddag i Sanitetshuset, melder styret. Dei byr på god middag med dessert og etter på ei hyggestund med kaffe og noko å bita i. Ring gjerne og meld frå at du kjem til telefon 91337168 eller 71663598.
Oppstart med eldremiddagen
Eldremiddagen starter opp etter sommerferien onsdag 3. september kl 1300, og arrangørane ønsker både gamle og nye gjester hjertelig velkommen til Sanitetshuset i Todalen. Som vanleg blir det servert god middag med dessert og en kaffekopp med noe godt til tilslutt. Ring gjerne 91337168 eller 71663598 for påmelding.
Eldremiddagen tek ferie – startar på igjen i september
Eldremiddagen i Todalen avslutta vårsesongen med middag i Sanitetshuset sist fredag. Kokkane, Karen Johanne og Grete, serverte særleg velsmakande lammelår og grønsaker, med karamellpudding til dessert. Tilsaman var det 29 gjestar til bord denne dagen.
Flyttar eldremiddagen til fredag
Sesongavslutninga på eldremiddagen var i utgangspunktet tillyst på onsdag, men på grunn av gravferd er arrangementet flytta til fredag kl 13. Da blir det middag og dessert i Sanitetshuset, og vidare kaffe og sesongavslutning i Svinviks arboret, fortel ledar Reidun Østvik