Arrangørane av 3. dagsfesten i Ungdomshuset har fått ein henvendelse av ei som saknar si mørke grå kåpe med glidelås. Den var ikkje i garderoben da ho skulle heim i går kveld.
Les heile saka
Arrangørane av 3. dagsfesten i Ungdomshuset har fått ein henvendelse av ei som saknar si mørke grå kåpe med glidelås. Den var ikkje i garderoben da ho skulle heim i går kveld.
Les heile sakaJulerevyen «Juledrønn» trekte rundt 150 tilhøyrarar på hovudførestillinga Ungdomshuset 3.-dagskvelden, og publikum fekk full valuta for pengane. Her var det «æksjen» frå start til mål, og publikum fikk skikkeleg forklaring på kvifor revyen hadde fått namnet «Romjulsdrønn». Årets gjesteartistar kom fra «Øverbygdrevyen» i Sagatun og «Bygdatrall», og dei skjemte slett ikkje laget!
Les heile sakaSurnadal Alpinsenter melder i kveld om at anlegget endeleg er klart for åpning i morgon kl 11.00. Mange har i løpet av dei siste dagane allerede ordna seg med heiskort, slik at det berre er å sette utfor når heisen startar på føremiddagen i morgon.
Les heile sakaÅrets romjulsmarsj sette ny deltakarrekord – nærare 170 deltakarar var registrert, og tok runden rundt bygda på det fine føret. Litt kald var det, men folk var både godt kledd og godt skodd – så det var ingen som klaga om gradstokken kom ned mot -10 grader. Det er artig å være arrangør når ein får slik respons seier Jorunn Nordvik, som er leiar i TILs trimgruppe som var arrangør.
Les heile sakaDet ligg godt tilrette for stor deltaking på årets romjulsmarsj, som startar i dag fra kl 12.00 og frm til kl 15. Trimgruppa har rusta seg med mykje varm gløgg, slik at deltakarane skal få noko å varme seg på runden rundt bygda.
Les heile sakaRomjula er ikkje berre tid for familie og private juleselskap. Spesielt er 3. juledag ein aktiv dag, med både romjulsmarsj og julerevyen «Romjulsdrønn. 5. juledag er det open pub på Pakkhuset kro. Du kan starte på romjulsmarsjen mellom 12 og 15, med regisstrering og gløggservering på Sandstad og på Bruset. Bli med og få litt trim – det gjer så godt! Romjulsmarsjen har enkelte år samla over 150 deltakarar, og er eit triveleg tiltak som folk sett pris på. Der kan du treffe venner og kjente på turen rundt bygda.
Les heile sakaTidene forandrar seg, også i Todalen. Frå Todalen Historielag sitt bildearkiv kan vi denne gongen vise eit bilde av Husbygeilen, Skorten og ei raudmåla kyrkje. Legg merke til kornstaurane på ekra til høgre, og han som leier sykkelen forbi.
Les heile sakaSurnadal Sparebank fortsetter med sin populære Næringslivsdag også i 2015. Dato er sett til 15. januar, med påmelding innan 13. januar. Her er som vanleg store namn på blokka med konferansier Ove Snurrås som held i tråane. Dette er den 12 næringslivsdagen i rekken.
Les heile sakaTradisjonar følgjer julehøgtida. Og ein av mange av desse ulike tradisjonane er for mange å ovevære julegudstjenesta i Todalen kyrkje på julaften. Tradisjon tru, på 23. året var det sokneprest Bernt Venås som sto for prekena. Og med organist Bernt Idar Bøe som hadde tilbragt rundt 20 av dei siste julekveldane som musikalsk ansvarleg for todalingane, vart det nok ei hyggeleg gudsteneste å sjå tilbake på.
Les heile sakaVi i redaksjonen vil ønskje alle våre medlemar, lesarar og samarbeidspartnarar ei riktig god jul. Vi har fått eit triveleg og interessant reisebrev frå Oda Halle, som vi publisererer nedafor. Oda er saman med venninna på reise i New Zealand, og er no i hovudstaden Auckland. Ho har laga eit flott bildegalleri som viser bildeglimt frå opphaldet. Vi ønskjer dei to som er på reise ei god jul – og god tur vidare!
Les heile sakaBillettsalet til julerevyen «Romjulsdrønn» er godt i gang, og vi har hatt skikkeleg respons, seier Knut Bergli i Fotballgruppa til T.I.L som er arrangør. Som tidlegare annonsert blir det to visningar – kl 16 utan gjesteartistar og hovudvisninga kl 20 med gjesteartistar. Billettane er lagt ut for sal på Matkroken i Todalen.
Les heile saka3. juledag er det godt å kome seg ut og få litt trim igjen, og kanskje treffe gamle kjente som du kan slå av ein prat med. Trimgruppa i Todalen Idrettslag inviterer alle til å bli med og delta, og byr på varm gløgg eller kakao. Gratis medalje til alle deltakarar – lotteri med flotte gevinstar. Start mellom 12.00 og 15.00.
Les heile saka