TrondheimSolistene kjem som vanleg til Surnadal kulturhus for å halda nyttårskonsert. I år er datoen sett til laurdag 10. januar kl 19.00. Med si speleglede og uhøgtidelege stil har surnadalspublikumet vorte meir og meir begeistra for dette besøket.
Les heile saka
Vi har no oppdatert aktivitetskalenderen med det vi så langt veit skjer framover. Det betyr at du finn søppeltømming, kulturhusaktivitetar og diverse småting attåt som vi har fanga opp og sett i system.
Les heile saka
I ettermiddagstimane er Netcom utan dekning frå basen frå basestasjonen på Halset i Todalen. Det har dei siste dagane vore fleire utfall av kortare varigheit, men nå ser det ut til å ha meir permanent karakter.
Les heile saka
Sjakkgjengen startar på igjen søndag kveld (4.1) kl 19.30 på Matkroken. Har du lyst til å bli med på ein triveleg sjakkveld i Kaffekroken, og du treng slett ikkje være ekspert for å delta. Ta gjerne med brett og brikkar dersom du har, oppfordrar Trygve Halle som er «pressekontakt».
Les heile saka
Den planlagte turen føstkommande søndag (4.1.) til Tjønnmyra blir flytta til Bæverfjord, melder kulturleiar Lilly Husby. Dette er ein rundtur i Bæverfjord som du kan gjennomføre ved å gå, sykle eller jogge. Du kan starte kvar som helst på runden, og du krysser elva Bøvra to gonger. Turen går hovudsakleg etter asfalt og god grusveg, og passeringa av hengebrua over Bøvra vil for mange vera høgdepunktet på turen. Runden går i flatt terreng, og er ein lett nystartartur på sykkel. Til fots tek turen ca 1- 1,5 time rask gange.
Les heile saka
Redaksjonen har fått ei nyttårshilsing frå utflytta todaling Erik Arild Wulvik som vi naturligvis videreformidler til dere alle, og da spesielt nokre nevnte karer i helsinga.
Les heile saka
Surnadal Alpinsenter varsler desverre om midlertidig stenging frå og med i dag 1. januar grunna dårlege forhold i bakken. I går var siste åpningsdag før veret forhåpentlig vis tek til vettet og forbedrar seg slik at det blir full aktivitet i Sæterlia igjen.
Les heile saka
Da står det berre att å takke dere alle som har vore med oss gjennom 2014. Dere er mange, det ser vi på statistikken vår. I skrivande stund har det vore 375.659 besøk på Todalen.no – meir enn tusen besøk kvar einaste dag – ein auke på 9,37%. Og enno er det over 8 timar att! Tilsaman har det vore 58.378 unike besøk – og det blir litt av ein folkehop. Takk til dere alle for at dere var med oss, og velkomne att til neste år.
Godt Nyttår frå oss i redaksjonen!
Helsing Mari, Elinor og Jon Olav
På årets siste dag er det høgtidsgudsteneste i Todalen kyrkje kl. 16:00 Takkoffer til Todalen Sanitetsforening. Velkomen til gudsteneste!
Fotterapaut Olaug Bergem Aspill kjem rett over nyttår for ein ny runde med fotpleie i Sanitetshuset. I første omgang er dagane satt til 5. og 6. januar, med muligheit for ein tredje dag om behovet melder seg.
Les heile saka
Svorka Aksess melder at fiberkabelen inn til Todalen er reparert og sett i drift rundt kl 21.30. Det var brot i fiberkabelen på strekninga Eidet-Polden som var årsak til at abbonnentane i Todalen mista breibandsleveransen i løpet av natta.
Les heile saka
Måndag 29. desember er vi i morgontimane utan breiband frå Svorka Aksess. Kl 10.25 melder Svorka Aksess via SMS at det er brot på breibandsnettet inn til Todalen, og at dei no jobbar med feilsøking. Svorka lovar å koma med meir info så snart dei veit meir.
Les heile saka