Det nærmar seg no 2 år sia raset som isolerte Todlalen heilt eit par døgn. Erfaringane frå den gongen viste kor avhengige vi var av straumen og kor opprådd ein blir i slike situasjonar. På butikken stoppa kassasystemet, kjøle og fryseanlegg stoppa opp og maten tina og vart øydelagt, og det vart umuleg å få opp frå bensin og diesel frå drivstoffanlegget. Dette sette innehavar Terje Nordvik på tanken om å installere eit skikkeleg naudstramanlegg til butikken. Måndag var det offisiell overlevering av det nye naudstraumanlegget som er eit spleiselag.
Les heile saka
Peder (19) er dreng på Todalshytta i sommar – ein drømmejobb å være her på Todalshytta og drive med førefallande arbeid. Eg driv eigentleg med alt muleg – unnateke matlaging, og arbeidet er så variert at ein rekk ikkje å bli lei.
Les heile saka
16 gutar i alderen 13 til 15 på G14 STKU ankom fredag ettermiddag Bordholmen for eit døgn med treningsleir før dei skal innta Oslo, Ekeberg og Norway Cup neste laurdag. Her vart det først innlosjering i klubbhuset med luftmadrassar og sengetøy, for ei «behageleg» overnatting til laurdag. Etter kvart kom G14-laget til Surnadal IL for ein vennskapleg treningskamp. Også dette laget skal til Oslo.
Les heile saka
Kårvatn Fjellutstyr AS har nå utvida sitt sortement og selger no syklar og utstyr for topptur og endurokonkurranser, fortel dagens kjøpmann Lars Inge Harang som betjente butikken. Ein endurosykkel kan sammenliknast med eit par randoneeski, du kan ta turane både opp og ned i tøfft terreng. Og som med randonee er det fleire justeringsmuligheiter for opptur og nedtur. Til og med setet kan med ein enkel spak justerast i fart med ein teleskopisk setepinne, som sykkelen av merket DaBomb på bildet har.
Les heile saka
Komande søndag er det kveldsgudsteneste i Mo kyrkje. I seg sjølv er ikkje det så spesielt, men det som er spesielt er at den blir tyskspråkleg. – Alle er sjølvsagt velkomene til gudstenesta, men vi har her hatt tyske turistar, tyske laksefiskarar og tyske fastbuande i området i tankane, seier Heidi Fugelsøy i Mo sokneråd.
Les heile saka
Den som har levd ei stund minnes nok Markagapen stadion i Brusetmarka og aktiviteten med god gammeldags løkkefotball i 60-åra. Det var ein improvisert fotballbane, laga av borna sjølve, og hadde sin viktige misjon i ein periode fra starten av 60-åra og nokre få år vidare. Her deltok born og unge både frå Brusetmarkas brusetmarka og lovande fotballtalent frå resten av bygda.
Les heile saka
Surnadal pensjonistlag vart stifta i 1975, og rundar dermed 40 år. Dette skal markerast med høgtideleg jubileumsfeiring for medlemane og innbedne gjestar i skyttarhuset på Angråmyra den 26. august. Til jubileet er det laga eit flott jubileumsskrift, der historia til Surnadal pensjonistlag er samla mellom to permar. I jubileumsskriftet oppfordrar leiar Johannes J. Vaag fleire til å bli med i pensjonistlaget. Det er i dag rundt 150 medlemar, og i ein periode har medlemstalet vore i tilbakegang.
Les heile saka
I morgon klokka 18 er det lokaloppgjør mellom G14 Søya/Todalen/Kvass/Ulvungen og Surnadal G14. Begge laga skal til Norway Cup, og har allerede byrja oppkjøring til neste helgs turneringsstart.
Les heile saka
Søndagsturen denne veka går til Åsgard der det blir aktivitetar både på land, i fjøra og ute på fjorden. Samlingspunktet er naustet til kyrkjebåten «Hjelmkonnå», som det er offisiell opning av denne dagen.
Les heile saka
Aktiv og reiseglad pensjonist fra Ålvundeid er månedens blogger. Stor takk til Tora Valset
Les heile saka
Driva.no kan i dag fortelje at bygdeboka for Todalen er først ut til produksjon i Surnadal kommune sitt Bygdebokprosjekt. Mykje arbeid er lagt ned i prosjektet, som no nærmar seg slutten fortel Siv Oddrun Snekvik til Driva. Siste finpuss gjenstår, med den viktige korrekturen. Her vil den enkelte heim få tilsendt «sin» informasjon som er lagra i gjeldande slektsdatabase. Eit førsteutkast vil også bli lagt ut på Matkroken, slik at flest mogleg kan få ta del i korrekturen.
Les heile saka
I dag er det muligheit til å bli med på ein rundtur i arboretet. Katarina Wedelsbäck-Bladh som er fagansvarleg i Svinvika tek oss med på ein interesant runde rundt i det historiske anlegget. Her får ein lære meir om kva som befinn seg her og ikkje minst korleis den vart til.
Les heile saka