Todalen sanitetsforening inviterer til Kløvertur 16. november i frå Talgøgarden til Svabu. Start frå Hals/Matkroken kl. 11:00. Alle er velkomne til å bli med ut på tur!
Les heile saka
Vangsgutane og andre julehefte er komne i salg
Julehefte av ymse slag er forlengst på plass i butikkene. På Matkroken Todalen er det ikkje noko unntak og sjølvsagt er det Vangsgutane som får mest fokus der. Årets hefte er i år som dei siste åra todelte – med halve heftet med nytt stoff, der Nils Nordberg fortel. Andre halvparten av heftet er kjent stoff frå tidlegare årgangar av Vangsgutane med Leif Halse som tekstforfattar. Kva du likar best er det nok delte meiningar om.
Les heile saka
Trimåret 2019/2020
Frå trimgruppa i Todalen idrettslag har vi fått gleda over å hedra vinnarane av trimpostane, som kvar får sitt krus i premie. Trimbasaren vart som alt anna avlyst pga koronapandemien. Med godt over 4000 besøkande på trimbøkene er dette eit godt trimår, trimgruppa trur at talet i verkeligheta er høgare, men at mange valde og ikkje skriva namnet som smittevernhensyn ein periode. Løfta var den posten med aller flest besøk, over 1000stk hadde ….
Les heile saka
Koronatilpassa bokslepp for historielaget i år
Det er tid for nytt bokslepp med nytt årsskrift frå Todalen historielag. Dette var tillyst i helga, men koronasituasjonen sette ein effektiv stoppar for arrangementet. Onsdag kveld var styret og skriftstyret i historielaget samla for å pakke årsskrift med tanke på alternativ distribusjon av hefta. I staden for utlevering av årskriftet på boksleppet, får no alle medlemane som har betalt sin medlemkontingent årsskriftet i postkassen sin – de blir køyrt rundt i Todalen i helga og resten sendes med Posten.
Les heile saka
Klassequizen 2021 – Surnadal ungdomsskule
I dagens Klassequiz, som vart send på NRK1 Møre og Romsdal no klokka 14:30, oppnådde laget frå Surnadal ungdomsskule 8 poeng. Laget bestod av Jannicke Valstad Stenberg, Kvanne, Arne Berg, Vindøla og Martin Kvande Talgø, Todalen.
Les heile saka
Presentasjon av junior- og seniorane i Start 4H
Da den planlagde haustfesta til Start 4H, sist laurdag, måtte avlysast på grunn av smittevernsreglane, vart det teke kontakt med oss for å få medlemmene sine prosjekt presentert på todalen.no. Dette ville vi sjølvsagt bidra med, og her kjem ein presentasjon av dei seks junior- og seniorane i klubben sine prosjekt.
Les heile saka
Eit landemerke er borte – oppdatert
Du har nærast kunna sjå den over heile bygda, men no er den borte for godt. Det er det store lerketreet på Husbybakkan vi snakkar om – i dag måtte det gi seg for overmakta, og gjekk overrende på ein kontrollert måte. Det var Gunnar Nordvik og Lars Kvendset som var entreprenørar og som ga det store lerketreet nådestøytet.
Les heile saka
Tidleg julehelsing og dugnadsråd frå kriseleiinga: – siste skanse før nasjonal lockdown
– Vi er no i starten av andre bølge. Denne bølgen kan føre til at vi nasjonalt blir nødt til å stenge ned. Nokre av tiltaka som no er innførte utgjer dei strengaste tiltaka i verktykassa. Dei siste nasjonale anbefalingane og reglane inneber difor ei bønn frå myndigheitene om å få oss alle med på ein dugnad for å forhindre nasjonal lockdown, skriver kriseleiinga i Surnadal kommune i ei pressemelding tysdag.
Les heile saka
Presentasjon av aspirantane i Start 4H
Da den planlagde haustfesta til Start 4H, sist laurdag, måtte avlysast på grunn av smittevernsreglane, vart det teke kontakt med oss for å få medlemmene sine prosjekt presentert på todalen.no. Dette ville vi sjølvsagt bidra med, og her kjem ein presentasjon av dei åtte aspirantane i klubben sine prosjekt.
Les heile saka
Fargerikt i fjellet månadens bilete for oktober
Vinnarbilete for oktober representerer hausten godt, vi gratulerer Ingri Bruset med månadens bilete. Under finn du alle bilete som var med i kåringa med fotograf.
Les heile saka
Trivelege Kløverturar på Nordvik
Dei to første Kløverturane i november har vore lagt til Nordvik; her er det fine turområde og mange vegar og stiar ein kan gå gode turar etter. I tillegg er det solvendt, så haust og vår er det ekstra kjekt å gå tur på Nordvik.
Les heile saka
Koronaviruset jobbar mot oss
Koronaviruset jobbar mot oss no, seier ein oppgjeven leiar i Surnadal pensjonistlag, Helge Røv. Han viser til anbefalingar frå regjeringa som sterkt anbefaler at vi skal ha mindre kontakt, og dei har stramma inn regelverket i fleire byar. Styret i pensjonistlaget har difor beslutta å avslyse aktivitetane vi har planlagt.
Les heile saka