Torsdag kveld vart årsmøtet i Søya og Todalen Skytterlag avvikla på kantina på Talgø. Som venta var det ikkje noko stor forsamling, men dei var iallfall god og vel vedtaksføre, og da gikk årsmøtet fort unna. Raude tal i rekneskapet er kanskje ikkje noko godt teikn, men sjølv om rekneskapen viste ein liten minus, så er nok auke i ammunisjonslageret ei god forklaring på det.
Les heile saka
Laurdag 17. november inviterer Todalen sanitetsforening til strikkekaffe. Det er ope hus frå kl. 13.00 til 16.00. Alle er velkomne!
Les heile saka
Senioruniversitetet inviterer til møte i Kulturhuset i Surnadal onsdag 21. november kl 11:00. Denne gongen er det Baking som er temaet, og konditor Elin Anita Aasland vil kåsere om temaet: Baking – kunst- og handverkfag – eller industrifag?
Les heile saka
I det nye årsskriftet som Todalen historielag skal presentere komande søndag er det mykje godt stoff. Årsskriftet startar med ein artikkel om Leif Halse og hans liv og virke, både som «far» til Vangsgutane, som bygdebokforfattar, musikar, idrettsmann og ikkje minst kulturberar. Vidare er det ein artikkel om Dalavegen, om dei 5 søstrene i Andersstua der 4 vart jordmor. Det fortsett med mjølkerampar og mjølkekjøring, både med lastebil og med hest og vogn. – Vi har kika litt i heftet og kan like godt konkludere med at det er litt for ein kvar smak.
Les heile saka
Vi skal ikkje blande denne saken borti Ole Paus, men det er likevel mat som er vårt tema. Da vi såg kraftforbilen frå Røv Mølle i aktivitet med lossing i Viastua, var temaet klart. – Det var Arne Bergheim frå Røv Mølle som sørga for at Viastukyrne fikk påfyll med kraftfor i dag, og 7,5 tonn kraftfor, med ekstra mykje fiber, vart blåst oppi kraftforsiloen.
Les heile saka
Torsdag 15. november kl 19.30 avviklar Søya og Todalen skytterlag sitt årsmøte på kantina på Talgø-fabrikken på Kvennset. Det er vanlege årsmøtesaker som står på saklista for årsmøtet, melder leiar Håvard Halset til Todalen.no
Les heile saka
Som vanleg var det godt oppmøte på bibliotekkvelden i regi FAU, Todalen bibliotek og Todalen skule under markeringa av årets Nordiske litteraturveke. Temaet for litteraturveka i år var «Heltar i Norden», og Britt Mossing fortalte litt om dei ulike literaturheltane som har dukka opp igjennom åra.
Les heile saka
I helga blir det ny runde med HÆSTlatter på Skei. Eit knippe lokale, allsidige og kreative revyamatørar inviterer til trimming av magemusklane på Gladlaksen ved Thon Hotel Vårsøg både fredag og laurdag kveld.
Les heile saka
Siste Kløverturen i 2018 gjekk etter Toåa tursti. Det vil seia at kløverturgjengen starta frå Halsbua og gjekk nedom fabrikken, forbi Bordholmen og vidare til Halsabrua før vi tok inn på stien langs elva. Det vart pause i Gunnøya – sjølvsagt skreiv alle namn i turboka. Vidare gjekk turen oppover langs elva, forbi Båthølen og Tømmermelhølen og over ekra til vegen. Dette blir ei riktig kjekk turrute når Toåa tursti blir ferdig.
Les heile saka
Laurdag 17. november kl 13.00 er det klart for opning av ustillinga «Haustlys 2018». Det skjer i Galleri Finstuå i Surnadal Kulturhus, der Styrkår Brørs er hovudutstillar i tillegg til 6 andre lokale utstillarar.
Les heile saka
Søndag ettermiddag er det nytt bokslepp for Todalen historielag. Da er det klart for premiere for årsskriftet for 2018, som da er klart frå trykkeriet og dermed klart for utdeling og sal. Heilt nytt denne gongen er det at boksleppet skjer på Gammelfabrikken i Brusetmarka.
Les heile saka
Trimmen på Landbrukshuset som hittil har vore på onsdager blir av praktiske grunnar flytta til torsdagar kl 11. frå komande torsdag 15. november, melder Surnadal pensjonistlag, Stavganggruppa. Bli med og fyll på med trim på dei innendørs trimaktivitetane gjennom vintersesongen, oppfordrar leiar Kristian Ranes.
Les heile saka