Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Todalingar feira adventstida på sydlegare breiddegradar

Jon Olav Ørsal Tysdag 11. desember 2018

Frå Edmund Talseth har vi fått bilde frå Gran Canaria, der han og kona Jenny har feriert dei siste vekene. Søndag var det samling på Norskplassen på øya, der det var friluftsgudsteneste i samarbeid mellom Sjømannskyrkja og Den norske klubben. Der trefte dei fleire todalingar som var ute i same ærend.

Les heile saka

«Jul uten grenser» – konsert med P17-koret

Jon Olav Ørsal Tysdag 11. desember 2018

Onsdag 19. desember kl 18.00 inviterer P17-koret til julekonsert i Todalen kyrkje. Da blir det tradisjonell julekonsert med Prosjekt 17 – både som blandakor, damekor og som mannskor. P17-koret reklamerer med kjende, kjære, nye og vakre julesongar frå 12 ulike land. Denne kvelden er koret forsterka med organist Tor Strand som vi l traktere både orgel og piano.

Les heile saka

«Live i Todalen»

Elinor Bolme Tysdag 11. desember 2018

Ja det er namnet på årets julerevy som no er på gang i Todalen. I går kveld var det progresjonsmøte i skrivar- og skodespelargruppa, og gjengen kunne fortelje at alt var i rute som åra før. -Vi er med andre ord ikkje heilt i rute, men er godt i gang med å lage ei artig […]

Les heile saka

Ta hårklippen i Todalen?

Mari B. Redalen Måndag 10. desember 2018

Det byrjar å bli mange år sia sist det var frisør i bygda, men no kan du altså få klipt håret innombygdes. Merete Husby har starta opp salong, heime i boligfeltet på Kvennset.

Les heile saka

Band 3 av «Bygdebok for Surnadal» er her!

Elinor Bolme Måndag 10. desember 2018

Band 3 av det nye bygdebokverket for Surnadal er straks klart for sal! Det blir offisiell lansering ved Stangvik oppvekstsenter måndag den 17. desember kl. 19.00, men viss boka kjem i hende før, vil det bli  tjuvstarta med boksal alt laurdag 15. og søndag 16. desember, fortel Norunn Holten i ei orientering til redaksjonen

Les heile saka

Biblioteket stengt i kveld

Jon Olav Ørsal Måndag 10. desember 2018

Biblioteket i Todalen blir stengt i kveld (10.12), melder bibliotekaren. Neste måndag (17.12) er biblioteket ope i tidsrommet 18:00 – 20:00, og da er siste opningsdag før jul.


Lysmesse og utdeling av biblar

Jon Olav Ørsal Sundag 9. desember 2018

I dag var det lysmesse i Todalen kyrkje, og bruken av lys prega sjølvsagt gudsteneste. Sokneprest Kristin Strand og konfirmantane laga ein stemningsfull innmarsj med levande lys, og med slukka lys i kyrkja. Konfirmantane hadde også ei hjelpande hand med i gudstenesta, og sørga både for tenning av lys og for lesing av inngangsord.

Les heile saka

Fullmåne ble månadens bilete

Mari B. Redalen Fredag 7. desember 2018

Fullmåne og Jo Gjeldnes stakk av med seieren, og er den heldige vinnaren av kopp med logo. Både ørsalsetra og du(e) og e var også lenge med og sloss om førsteplassen.

Les heile saka

Premiere for skiføret i lysløypa på Tjønnmyra

Jon Olav Ørsal Fredag 7. desember 2018

I dag vart vinterens første skispor i lysløypa køyrt opp. Ståle Ansnes sørga for å preparere lysløypa med løypefresen og sporsettaren som laga sjølve skisporet. Løypetraseen vart 2-3 meter brei, med både skispor for klassisk og eit bredt felt for skøyteteknikk for den som ønskjer det.

Les heile saka


Fotballtrimmen i gang igjen

Jon Olav Ørsal Torsdag 6. desember 2018

Todalen I.L fotballgruppa bles i gang fotballtrim i gymsalen på Todalen skule igjen. Det skjer kvar fredagskveld i tidsrommet 18.30 – 20.00, og det er for alle som føler at dei treng litt trim før jul. Første kvelden er fredag 7. desember og vidare kvar fredagskveld fram til jul.  Kom og bli med, oppfordrar Knut Bergli!

 


Mange på bokslepp for fin og interessant bok

Dordi Jorunn Halle Torsdag 6. desember 2018

«Kjøle med folk for ei lita bok, men velkomne er de alle saman», slik opna Lars Steinar Ansnes boksleppet på Stangvik skule onsdag kveld. Her presenterte han i lag med Erling Myrbostad og Torbjørn Polden den nye boka «Under Skarfjellet». Desse tre karane har arbeidd i lag om bokprosjekt i snart ti år. Den første boka om Kvenndalen kom i 2010, den neste om Søyådalen i 2015 og no ei lokalhistorisk bok om nærområdet, altså «nedom ovagjerdsutgarden» på Lykkjeeidet og i Lykkjebygda. Dette er ei bok med breitt emneval, men kvardagsleg.

Les heile saka