Onsdag kveld 19. desember kl. 18.00 blir jula «sungen inn» i Todalen kyrkje. Koret P17, organist og pianist Tor Strand, operasopran Sigrid Vetleseter Bøe og fleire deltek. Programmet består av kjent og kjært julestoff – ispedd tonar du neppe har høyrt før. Songar frå eit dusin nasjonar er samla under tittelen «Jul utan grenser».
Les heile saka
Måndag kveld var det lansering av nok ei ny bygdebok i Surnadal kommune, band 3 som omfattar området Søyset – Hyllbakkan. Siv Oddrun Snekvik og Norunn Holten, som er tilsette i bygdebokprosjektet i kommunen, kunne fortelje at dei både var spente og stolte da dei skulle presentere den nye boka. Og dei har i alle fall god grunn til å vere stolte – dette er ei flott og interessant bok! Ikkje minst er det svært mange interessante bilete – bilete av utruleg god kvalitet.
Les heile saka
Måndag gjekk den siste storfurua i Svinvika overende. Det står nok mange store att enno, men ingen av dette kaliberet. Jon Bojer Godal var kunde og oppkjøpar, og den store furua skulle brukast til ny mast til jekta «Brødrene». «Brødrene» hører til i Melbu, og er ei storjekt med plass til rundt 1100 tønner. Den var bygd på Rognan så seint som i 1987, og er ein tru kopi av den gamle jekta «Brødrene» som var bygd i Mellomverftet i Kristiansund i 1887. Den nye masta må være solid, for jekta «Brødrene» har eit segl som er på rundt 300 m2. Den gamle jekta har ei lang historie i trafikken med tørrfisk langs kysten frå Nord-Norge til Bergen
Les heile saka
Tor Erik Vikan frå Franzefoss overraska dei tilsette på Talgø MøreTre i Surnadal med ei kjempestol marsipankake til frokostpausen måndag. Vikan var på kundebesøk for å informere om resultatet av det første året med avtale om avfallshandtering mellom Talgø og Franzefoss. Talgø MøreTre i Surnadal kom best ut med sorteringsarbeidet det første driftsåret, da dei har kildesortert heile 93,4 % av avfallet.
Les heile saka
Det blir, naturleg nok, nokre avvik frå normalen på kulturhuset i og rundt høgtida. Sjølve kulturhuset stenger før jul på kvelden fredag 21. desember. Det er ope torsdag 27. og fredag 28. desember (kl. 1130–1930) og kjem i normal drift igjen frå 2. januar.
Les heile saka
I dag kom dagen som store og små skientusiastar har venta på – Surnadal Alpinsenter hadde sesongstart, og dro i gang heisen for å køyre folk oppi høgda. Kl. 11 starta heisen og i heile dag har det vore bra tilstrøyming av unge alpinistar. Litt «strul» med tråkkemaskinane laga litt problem, men det var ikkje verre enn at det var brukbare forhold utover dagen.
Les heile saka
Romjulsmarsjen er forlengst komen på terminlista til Todalen Idrettslag, og blir arrangert 4. juledag (28. desember). Som tidlegare år blir det gløggservering og loddsal ved Sandstadkrysset og ved Brusetkrysset, og sjølvsagt er det flotte deltakarmedaljer til alle, melder TILs trimgruppe.
Les heile saka
«Live i Todalen» er T.I.L.s julerevy 2018 som i år blir 4. juledag (28. desember), og no er altså billettane lagt ut på førehandssal på Matkroken Todalen (Halsbua). Vil du sikre deg ei eller fleire billettar så er det lurt stikke butikken for å fikse det.
Les heile saka
Indre Nordmøre Forsvarsforening (INF) minner om Forsvarets julegudstjeneste i Nidarosdomen, som i år er onsdag 19. desember kl. 11.00. Vi tar rutebussen fra Kulturhuset på Skei (FRAM-buss) kl. 07.50. Ingen påmelding.
Det meldes torsdag kveld om lause hestar på Ansnes vegen innover til – og kanskje forbi Todalsøra. Vær oppmerksam – det kan fort skje eit uhell!
Dei siste 3-4 vekene har det vore hektisk aktivitet i det nye bustadfeltet på Øygarden på Nordvik. Under opparbeiding av det nye bustadfeltet vart det funne fleire restar etter gravrøyser, men gamle kol- og beinrestar. Dei siste vekene har det altså gått føre seg utgravingar av fleire funn som virka interessante – no avsluttar dei arbeidet. Foto: Driva/Jon Olav Ørsal
Les heile saka
Bernt Bøe har slett ikkje ligge på latsida det første året som heiltids pensjonist. – No til jul har han vore redaktør av to julehefte frå Bøfjord Historielag, eller kanskje det er rettare å kalle det eit årsskrift og ei folkeminnesamling. – Det er iallfall på 7. året at Bøfjord Historielag kjem ut med årboka Gamle Nordmør med stoff som omhandlar heile Nordmøre.
Les heile saka