Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

No blir det frivilligsentral i Surnadal kommune

Dordi Jorunn Halle Torsdag 23. mai 2019

Det har ei tid vore arbeidd med å få på plass frivilligsentral i Surnadal kommune, og no nærmar det seg oppstart. Hilde Staveli Solli er dagleg leiar, og ho kan fortelje at eit interimsstyre er på plass og likeså er lokala snart klare. Dermed blir det opning av frivilligsentralen på Skei når hausten kjem.

Frivilligsentralen skal ha tilhald i første etasje Møbel-Fiskebygget med inngang ut mot miljøgata. No er det arbeid i gang med opp-pussing av lokala. Det største rommet skal huse sjølve frivilligsentralen med mellom anna kjøkkenkrok og sittegrupper. Målet er å få til eit samlingspunkt her for heile Surnadal kommune. Her kan ein melde seg som frivillig, og frivilligsentralen skal støtte frivillige organsisjonar. Frivilligsentralen skal vere eit tilskudd og hjelp til det viktige frivillige arbeidet som alt skjer i kommunen.

Heilt konkret kva innhald og arbeidsoppgåver frivilligsentralen skal ha, er ikkje fastlagt enno, dette må gå seg til etter kvart. Hilde Staveli Solli ser fram til å delta på kurs for å få kunnskap og idear til drifta. Det finst i alt 455 frivilligsentralar rundt om i Noreg. Rindal og Halsa har hatt slike sentralar i fleire år og har gode erfaringar med opplegg, drift og nytte av dette tilbodet. Men ingen frivilligsentralar fungerer heilt likt.

Dyktig dugnadskarar! Kristian Ranes og Helge Røv. Foto: Dordi J H

Prosjektleiar Hilde Staveli Solli gler seg til å opne dørene til Frivilligsentral og Fritidsklubb i Møbel-Fiskebygget på Skei. Foto: Dordi J H

Det står framleis att mykje arbeid i lokala, her skal det leggast nye golv, målast, monterast kjøkken og ventilasjonsanlegg, derfor blir det ikkje opning før til hausten. Restaureringsarbeidet skjer også delvis på dugnad, og torsdag var Helge Røv og Kristian Ranes i full gang med å gjere hovedrommet klart for måling.

Helge Røv er leiar for det nyvalde interimsstyret, vald av kommunen. Kristian Ranes frå pensjonistlaget er nestleiar. Dei andre i styret er Janne Husby frå Røde Kors og Britt May Hollås frå Surnadal sanitetsforening. Tre styremedlemer er enno ikkje valde, frå ungdomsrådet, eldrerådet og kommuneadministrasjonen.

Hilde og Kristin fortel at har skal det bli fritidsklubb. Veggen skal dekorerast av elevar frå kulturskulen. Foto: Dordi J H

FRITIDSKLUBB

I tilknyting til frivilligsentralen blir det også fritidsklubb, dei får eige rom. Her skal dei eldste kunstfagelevane med lærar Siri Skjerve dekorere ein av veggene. Hilde Staveli Solli er også ansvarleg for drifta av Fritidsklubben. Her vil ho mellom andre få hjelp av Kristin Børset, som er ungdomskontakt i kommunen. Klubben vil bli open ein til to kveldar i veka. Kristin arbeider med førebyggande helse- og rusarbeid mellom unge, og er å treffe både på ungdomsskulen og vidaregåande skule på dagtid.

Det er mange barn og unge som ofte må vente på Skei etter skuletid for å delta i ulike aktivitetar mellom anna på Kulturskulen, dei vil etter plana få tilbod om å gjere lekser i lokala til frivilligsentralen.

Målet er å få til ein god møteplass som femnar om alle frå ung til gammal, seier nestleiar Kristian Ranes frå pensjonistlaget.

Surnadal frivilligsentral har eiga Facebookside, dei er på Instagram og har ei heilt fersk nettside med adresse:

https://surnadal.frivilligsentral.no/

 

 

Publisert: 23. mai 2019, 13:45