Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Utstilling heile påska

Ragna Kvendset Fredag 19. april 2019

Torsdag opna utstillinga til Sissel Halset Storslett og Reidar Østvik i Skulstuå. Mange tok turen innom i det fine påskevêret

Les heile saka

Vellukka seterrenn i full vårløysing

Jon Olav Ørsal Torsdag 18. april 2019

Årets seterrenn er nr 91 i rekkja, og da går det vel an å kalle det tradisjon, sjølv på Nordvik. I løpet av dei 91 åra har det sikkert vore ymse vêr og ymse føreforhold, og vi veit da at det fleire år har vore alternative arrangement på grunn av snømangel i området rundt Nordviksetra. I år var det iallfall nok snø til å arrangere sjølve seterrennet, men hopprennet og kulerennet må stå over til neste år, og var erstatta av ein improvisert natursti som var ei fullgod erstatning og engasjerte mange.

Les heile saka

Del 2; Pilk Panter – eller då orgelet peip på Halle

Guro Redalen Torsdag 18. april 2019

Dette har hendt: Påskehøgtida er i gang med panting og handel på Halsbua. Nokon er mindre gode på å lese plakatar, noko som førte til ein episode ved panteautomaten. Merkeleg. Ein skulle jo tru at slekt i sjuande ledd på sørsia visste betre. Og det var det ikkje berre frk Bladfyk som meinte.

Les heile saka

Velg mellom Kjerringdilt og Gunnøydilt på langfredag

Jon Olav Ørsal Torsdag 18. april 2019

Langfredag 19. april er det tradisjonell «Kjerringdilt» på Skihytta på Ørsalfjellet. Da er det uhøgtideleg langrennskonkurranse på idealtid og med flott vandrepokal som premie. Alternativt kan du delta på Gunnøydilten som er heilt ny av året. Den har start frå Trøbakkan eller frå Halsabrua og går til Gapahuken ved Gunnøya.

Les heile saka

Del 1; Pilk Panter – eller då orgelet peip på Halle

Guro Redalen Onsdag 17. april 2019

Endeleg er dagen her, da første del av påskekrimmen 2019 kan settast i gang. Som eit lite bonusmateriale har forfattar Guro også lese inn alle seks episodane på lydspor. Fyll opp kaffekoppen og set deg godt til rette, her kjem første del av «Pilk Panter – eller då orgelet peip på Halle»

Les heile saka

Skiturist vart henta ut av helikopter

Jon Olav Ørsal Tysdag 16. april 2019

Tysdag kveld vart ein skiturist henta ut med helikopter frå Neåstien – i nedstiginga frå Neådalen og ned til Kårvatn. Turisten som er ein trønder i 20-årene kleiv seg rett og slett fast, og da mørket seig på vart det beslutta å hente vedkomande ned med helikopter.

Les heile saka

Stor oppslutning om påskebasaren på Nordvik

Dordi Jorunn Halle Tysdag 16. april 2019

Påskebasaren på Nordvik samla mykje folk, inne var Forsamlingshuset var stappfullt, og utanfor var det full fart med ein skokk ungar som leika gjømsel. Det er tydeleg at Nordvik er vekstområde, og etter kvart som byggefeltet på Øygarden fyllest opp, kan nok Forsamlingshuset bli i minste laget.

Les heile saka

Åpen kro med påskeQUIZ

Jon Olav Ørsal Tysdag 16. april 2019

Onsdag 17. april  fra kl. 20 og utover blir det åpen kro på Pakkhuset på Todalsøra.  Det blir spennende PåskeQUIZ med premiering til beste lag.  Ta turen til Pakkhuset og treff venner som er hjemme på påskeferie. 

 

 


Sjekk boligverdien i skattemeldinga

Jon Olav Ørsal Tysdag 16. april 2019

Frå og med 2020 vil Surnadal kommune bruke Skatteetaten sin berekna marknadsverdi for boligar som grunnlag for utskriving av eigedomsskatten. Kommunen ber difor eigarar av bustader om å kontrollere at dei førehandsutfylte tala under post 4.3.2 i skattelikninga for 2018, som sendast ut av Skatteetaten, er riktige.

Les heile saka

Kom og ta ein kaffekopp….

Jon Olav Ørsal Tysdag 16. april 2019

Det er Reidar Østvik og Sissel Halset Storslett som inviterer på kunstutstilling i Gammelskulen i Todalen i starten på påska. Dei inviterer til å kome og sjå, og samtidig til ein kopp kaffe. Sjølvsagt får du nok kjøpe kust også, dersom du vil. Utstillinga er opa frå torsdag til søndag – alle dagar 14-16.

Les heile saka

Matkroken Todalen – opningstider i påska

Jon Olav Ørsal Måndag 15. april 2019

Påskeveka er travel på Matkroken, når folketalet i bygda doblar seg nærast over natta, og dreg med seg mykje ekstra handel. Handelsmann Nordvik skryter av påskegjestane som kundar og legg vinn på å yte så god service som mogleg. Fram til og med onsdag er det vanleg opningstid medan det er heilt stengt 2 dagar – langfredag og 1. påskedag.

Les heile saka