Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Hausttur til Todalsfjella

Jon Olav Ørsal Fredag 27. september 2019

Ei gruppe frå Tingvoll Vidaregåande Skole har denne veka kunna nyte finvêret i Todalsfjella. Nærare bestemt er det elevane i uthaldenhetsgruppa på idrettsfag som har vore på hausttur til Kårvatn, og som mellom anna har drive litt småviltjakt til variasjon frå anna trening.

I denne gruppa er det både skiskyttarar, løparar, randonee og andre greiner som har ein del felles treningsaktivitetar. Det er 6 elevar og 2 lærarar som denne veka har hatt tilhald på Kårvatn og prøvd seg på rypejakt, men har også hatt fleire toppturar.

Elevane fikk mellom anna prøve seg på rypejakt. Foto: Jonas Rismyhr

I vinter blir det nok meir samarbeid mellom Tingvoll VGS og Kårvatn Fjellutstyr. Kårvatn blir da på ein måte base for randoneeaktivitetane ved skulen, i tillegg til at ein vil bruke nærmiljøet på Tingvoll, fortel rektor Øystein Bråten ved Tingvoll VGS.
Da gjengen var på Kårvatn vart det laga ein liten «videosnutt» frå aktivitetane der, og byr massevis av flott natur i den rundt 3 minutt lange videofilmen. Det er Jonas Rismyhr som har sørga for filminga av elevaktivitetane i Todalsfjella.

Publisert: 27. september 2019, 13:08