Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Nytt vegkryss – og ny gardsveg

Jon Olav Ørsal Onsdag 2. oktober 2019

I dag starta arbeidet med ny jordbruksveg til Pestua gard. Det er Per Gjeldnes Maskin som har prosjektet,  der eit nytt kryss i Husbyevja vil bli ein snarveg til Pestua.  Det er stor trafikk i samband med gardsdrifta i Pestua, og blir nok ein fordel å få redusert dagens trafikk som i hovudsak går etter Pilskarvegen og inn på den gamle gardsvegen.

Etter at det vart restriksjonar på trafikken over Øyabrua, så har nok trafikken etter Pilskarvegen ned mot skulen auka ein del. Med mange mjuke og unge trafikkantar er det nok ein fordel at tungtrafikken blir flytta over på den nye vegen.

Onsdag var det frakta mykje overskotsmasse frå Toåa tursti i Båthølen oppover til anleggsplassen i Husby-evja. Foto: Jon Olav Ørsal

I dag har det vore stor anleggstrafikk, der overskotsmasse frå Toåa tursti i Båthølen er frakta med traktorar oppover til anleggsområdet i Husby-evja. Det er venta at vegarbeidet er unnagjort i løpet av nokre dagar.

Det er Per Gjeldnes Maskin som utfører arbeidet på den nye jordbruksvegen til Pestua. Foto: Jon Olav Ørsal

Publisert: 2. oktober 2019, 17:18