Denne veka har Todalen Mjølk starta siloslåtten for fullt. Mykje av arealet på vel 1000 mål i Todalen reknar vi med å klare før vi tek helg, seier Ståle Ansnes hos Todalen Mjølk.
Les heile saka
Denne veka har Todalen Mjølk starta siloslåtten for fullt. Mykje av arealet på vel 1000 mål i Todalen reknar vi med å klare før vi tek helg, seier Ståle Ansnes hos Todalen Mjølk.
Les heile sakaDet var artig å kunne informere dugnadsgjengen om at vi hadde fått eit nytt gledesbrev til prosjektet «Tursti Toåa». Denne gongen var det Todalen IL som vart ein av vinnarane av Draumeplassen Møre og Romsdal 2019, fortel Elinor Bolme i prosjektgruppa for Tursti Toåa.
Les heile sakaTodalen oppvekstsenter inviterer fredag 7. juni, i tidsrommet 12.00 – 13.30, til det årlege kaffelaget for slekt og vener på Todalen skule.
Da har elevane litt av kvart å by på, både kaffebrød, Quiz og Underhaldning – og sjølvsagt kaffe! Alle er velkomne! Sjå plakaten…..
I dag blir det ein liten dugnad med klipping av kyrkjegarden, for å pusse opp litt ekstra til sommaren. – Men, det manglar litt mannskap med kantkløppar eller rive til å være med og hjelpe til ei kveldsstund, melder Ragnar Halle som er i «kløpparkomiteen».
Les heile sakaTysdag inviterte verneområdestyret til befaring i Todalen, der representantar for grunneigarar, næringslivet, Surnadal kommune, lag og organisasjonar fekk informasjon tankane til verneområdestyret om å lage ei plan og ein portal for ta i bruk verneområdet til turaktivitetar, samtidig som ein i varetek verneinteressene. Det var Hege Sæther Moen, som er verneområdeforvaltar, og Ragnar Halle, styremedlem, som […]
Les heile sakaTorsdag 6. juni kl. 19 på Stangvik oppvekstsenter lanserer Erling Myrbostad, Torbjørn Polden og Lars Steinar Ansnes bind 2 av serien «Under Skarfjellet – lokalhistorie frå Eidet og Lykkjebygda».
Les heile sakaTodalens yngste fotballspelarar har hatt ein fin vårsesong, og er no snart klare for sesongåpning med cupspel under årets SILregncup neste helg. Dei gler seg, og etter innsatsen på gårsdagens trening å dømme, så kan det bli ei kjekk oppleving.
Les heile sakaMåndag 3. juni kom 7.500 nye verpehøner og tok plass i det nyoppussa og oppgraderte hønehuset i Pestua. Tidleg på morgonen kom dei til gards, men det tok ikkje lang tid før dei fann seg til rette i gangane og i hyllene. Dei er seks uker gamle og har vakse opp i eit like ens hus på Jæren. Dette er innsett nr 13 i Pestua, og om eit par veker er dei klare til å starte å verpe. Dei legg nok ikkje merke til at det har skjedd store endringar sia hønehuset vart tømt for både høner og utstyr på etterjulsvinteren.
Les heile sakaTorsdag 6. juni møtes vi ved Svinvik for å gå Svinvikrunden. Dette er en Stikk Ut tur som er svært mye benyttet, og vi starter langs gamleveien om Langkleiva som ble åpnet i 1898, og var den første veien ut fra Todalen. Framme ved Snøya går en over til en nyere vei som ble åpnet i 1938, og fortsetter langs Svinvikhamrene. Det er valgfritt om en vil gå rundtur, eller samme veien tilbake. Etter endt tur samles vi i Svinviks Arboret for kaffepause. Vel møtt alle sammen!
Etter ein lang periode med surt og kaldt ver vart det endeleg varme og godver igjen; kjekt for Kløverturgjengen som første måndagen i juni tok turen til Kårvatn. Her var målet å gå frå «Fjellgarden i Trollheimen» og innover til hyttefeltet og Sagstuå.
Les heile sakaSki- friidrettsgruppa i Todalen idrettslag ønsker å sende ein spesiell invitasjon til ungar og unge på Nordvik til denne vekas lagseriestemne på Bordholmen.
Les heile sakaI går var Nils Erik Jakobsson Gjeldnes i aksjon under NAF sin landskonkurranse «Trygg på sykkel» i Letohallen på Dal. I gutteklassen var dei 21 deltakarar, og Nils Erik endte til slutt på ein solid 4. plass. Dei to beste gutane og jentene dannar no eit eit landslag og gjekk i år vidare til europafinalen […]
Les heile saka