Trollheimsmarsjen har historie heilt attende til 2008, da Todalen I.L. og I.L. Ulvungen fylte 100 år og som ein del av jubileumsarrangementet starta eit samarbeid om Trollheimsmarsjen mellom Leikvoll på Ålvundeid og til Bordholmen stadion i Todalen. Årets arrangement er det 10. i rekkja, og blir altså arrangert komande søndag 8. september – med start frå Ålvundeid.
Les heile saka
Todalen sanitetsforening inviterer til strikkekaffe laurdag 7. september frå kl. 13.00 til 16.00. Alle er velkomne!
Les heile saka
I vårt epostarkiv oppe i hovedmenyen finn vi no 8 månader etter at Svorka la ned epost tjenesta si heile 35 gamle epostadresser. Vi oppfordrar derfor dei med gamle adresser som sluttar på @svorka.net om å melde i frå til oss slik at vi får oppdatert denne lista med riktige epostar.
Les heile saka
Todalen Sokneråd har sendt oss oversikta over gudstjenestene for siste halvdel av kyrkjeåret. Alle datoene ligg også inne i Aktivitetskalenderen vår.
Les heile saka
Tidlegare i sommar vart det arrangert infomøte med tanke på å etablere eit infopunkt i Todalen, der folk kunne finne informasjon om Trollheimen og tilrettelegging for bruk av verneområdet og resten området. Da vart det sett ned ei arbeidsgruppe som skulle jobbe med å etablere ein innfallsport og kvar den skulle plasserast. Gruppa består av Hege […]
Les heile saka
Cafe Dan som er lokalisert i 2. etasje på Coop Extra på Skei søkjer etter kvalifisert kokk til si verksemd innan kokk og restaurantfaget.
Stillingsannonsa lyder som følgjande:
Les heile saka
Austistukyrne var onsdag på veg heim frå beite på Høyem. Turen gikk til fots, og med gjetarar i følget. Som vanleg måtte turen gå med ein omveg via Øyagrenda, for med metaldekket på Brusetbrua så nekter både krøter og sauer å gå over brua der.
Les heile saka
Ein bil frå Statens vegvesen ved Halsabrua (Halset bru er vel rett betegnelse) vekkjer sjølvsagt vår nysgjerrighet. Kva er det som foregår her, egentlig? Dei to i bilen informerer oss om at dei driv ettersyn på bruene på fylkesvegane i Todalen.
Les heile saka
Måndag 9. september er det val av nye sokneråd og bispedømeråd. Her i Todalen er vallokalet i Todalen oppvekstsenter, i gymsalen på skulen. Vallokalet er ope frå 12.00 til 20.00, altså same tida som stemmelokalet til kommune- og fylkestingval.
Les heile saka
Onsdag 4. september arrangerer Stikk UT! Surnadal i lag med trimgruppa i Bæverfjord IL fellestur til Svartvatnet på Nordmarka. Det er start frå parkeringa i Seiglia kl. 17.30, nedst i vegen ned frå Nordmarka til Bøverfjord. Dette er ein tur som passar for alle, både liten og stor! Det blir servering av frukt og sjokolade.
Les heile saka
Kløverturen denne fine første måndagen i september gjekk etter Toåa tursti. Det var spennande, for i delar av turstien var det stor aktivitet. No er arbeidet i full gang med å lage tursti med universell utforming langs Toåa; eit stort prosjekt som vil bli til stor glede for folk i bygda.
Les heile saka
Eit 30-tals personar var samla utafor Hamnesvikan sist laurdag for å delta på siste post i årsprogrammet for Stangvik Historielag, eit samarbeid mellom Hisorielaget og Turstigruppa på Årnes. Før vi starta orienterte Svein Aarnes om turen opp skogsvegen, som var nyrydda heilt opp til den gamle seterstølen. På Hamnes hadde dei tidlegare to setrer, Nersetra og Øversetra. På Nersetra setra dei til 1940, men på Øversetra tok setringa slutt tidlegare.
Les heile saka