Førstkomande søndag kl 17.00 er det julegrantenning. Det foregår ved ICA Todalen, og PT-utvalet som er arrangør lokkar med servering av gløgg og pepparkaker. Dit kjem vel også nissen på besøk, og det blir spanande om han har med seg noko i sekken sin i år også? Ta med godt humør og klær til å halde vinterkulda ute, og bli med på julegrantenning!
Søya/Todalen har med to deltakere med i Neas-akademiets treningsgruppe for spillere født i 1998 (fra hele Nordmøre).
Dette er Henrik Melkild og Steinar Gjeldnes.
Les heile saka
Stangvik Grendalag ønskjer alle hjertlig velkomne til førjulkos, all-song og fest laurdag 4. desember. Da kjem Per Husby saman med møremusikarane Jo Inge Nes, Øystein Sandbukt, Audun Skrogen og Peter Wergeni til Bondehuset. På dagtid blir det støyping av lys og pepparkakebaking for born, servering av kaffe, gløgg og middagsmatsal. Når det lir mot kveld, vil Per Husby & co trå til med allsongkveld. Etter konserten har møremusikarane lova skikkeleg dansemusikk, slik at folk skal få testa dansefoten før jul.
Les heile saka
Frå Lars Steinar Ansnes har vi fått melding om at boka «»Kvenndalen med Kvennbøtæla og Engjamarka» no er i sal. Forfattarar er Erling Myrbostad, Torbjørn Polden og Lars Steinar Ansnes. Stangvik Historielag står som utgjevar. Stangvik Historielag arrangerar bokkveld på Stangvik skule tysdag 7. desember.
Les heile saka
Kunstnaren Elisabet Aas som innehar Elisabeths Atelier i Trondheim ferier i denne tida 10-års jubileum med juleutstillinga «Hjerterom». Juleutstillinga rommar så mangt, til og med eit bidrag frå Todalen. Kristine Saksen Ulvund har vorte antatt hos Elisabeth Atelier med heile fem bileter. Todalen.no har fått oversendt bileter frå opninga av utstillinga sist laurdag, der vi får eit innblikk i alt det fine som er å oppleva der. Her er både dansk keramikk, måleri og forskjellig glasskunst.
Les heile saka
Dei aller fleste husstandar fekk kanskje kulturkalenderen for desember i posten i dag. Men todalen.no brukar å få ein henvendelse frå Karstein Telstad på Kulturhuset om vi ikkje vil vera så snille å leggja han ut på nettstaden vår og. Det gjer vi lell om hverken Kulturhus eller kommune er medlemmer hos oss, då vi reknar det som informasjon som kjem alle todalingar til gode.
Les heile saka
Fra nettsidene til Søya kan vi oppdateres blandt annet om nytt fotballstyre og å lese om «Prosjekt tilhørighet» der det er mulig å støtte Idrettslaget ved kjøp/bruk av sesongkort på MFK sine hjemmekamper.
Les heile saka
Da er nok et kjærkommet bidrag til bloggen vår ankommet redaksjonen, og denne gangen går turen til Oslo og blant annet Den Norske opera.
Les heile saka
I kveld banka det på ytterdøra, og utafor sto det to salgsrepresentantar. Ola og Eivind Bolme var ute på salgsturné med julehefte. Ola hadde ein bærepose med nokre «Jul på Nordmøre» i og Eivind hadde ein plastpose med pengar. Og dei fortalte at det var mykje godt lesestoff i heftet, og at prisen var kr 70. Dei har vore rundt heile bygda på salgsrunden, og var no på det neraste ferdige. Men viss du ikkje har fått kjøpt heftet, så er det berre å ta kontakt med Ola og Eivind så blir det ei løysing.
I ettermiddag var det lysmesse i Todalen Kyrkje. Her var det ungdomane som skal konfirmerast no til våren som sto for deler av programmet. Dei både las og tende lys denne fyrste søndagen i advent.
Les heile saka
Redaktørane her på www.todalen.no vil med dette takke for den gjeve utmerkinga vi fekk i går kveld. Vi vart då beæra med Den gyldne patron under Hjortfesta. Det var veldig triveleg, og ikkje minst inspirerande for det vidare arbeidet med sida. Ei side som har vorte til betyding for mange, og då overraskande mange utafor Todalen. Vi fikk seinast forrige veke ein epost frå Tromsø med positive tilbakemeldingar om at sida er flittig bruka, kvar einaste dag, for å halde seg oppdatert om det som foregår i heimbygda.
Les heile saka
Laurdag kveld inviterte Todalen idrettslag sine sambygdinger til hjortfest i Ungdomshuset. Det var jaktlaget på sørsida av bygda som var vertskap, og eit lite hundretalls todalingar deltok på årets «jaktbankett». Vertskapet hadde sørga for ekte og velsmakande hjortegryte, og bydde i tillegg på underhaldning i form av song og musikk og ein konkurranse mellom jaktlaga i bygda. I tillegg var det utdeling av heidersprisen «Den gyldne Patron» som denne gongen vart tildelt redaktørkollegiet i Todalen.no
Les heile saka