Torsdag 4. november klokka 19:00 inviterer Nasjonalforeningen for folkehelsen i samarbeid Surnadal demensforening og helselag alle til å bli med å sjå filmen «Vær her» på Surnadal kino. Filmen er gratis for alle som ønskjer å sjå den. Så har du lyst til å sjå den, så er det berre å krysse av datoen i kalenderen og møte opp på Surnadal kino torsdag 4. november!
Les heile saka
Siste nytt på bokfronten er nok Astrid berit Hindhammer og mora Solveig Ørsal Hindhammer, som har skrevet slekts- og historiebok om slekta si. Dei to tek utgangspunkt i Ola og Ane (Anne) Ørsal og folket i Ørsalgeilen, og viser slektsforgreiningar både attover og framover, og kvar dei mange etterkomarane har hamna og kva dei har drive med gjennom tida
Les heile saka
Premieren nærmar seg fort no, om tre veker er det nemleg premiere for både bokprosjektet og revyen – begge med namnet «Heittgjort». Det skjer i Surnadal kulturhus fredag 19. og laurdag 20. november, med 2 revyforestillingar som skal promotere boka som er skreve om revymiljøet i Surnadal frå 60-talet og fram til i dag.
Les heile saka
Sosiale media er altfor viktige til berre å bli synsa om. Magnus Hoem Iversen har difor saumfart forskinga og gjev deg oppdaterte svar på dette på Surnadal bibliotek onsdag 3. november klokka 19:30. Er du på Facebook? Instagram? Snapchat? Eller nokre av dei andre? Og veit du kva det gjer med deg?
Les heile saka
Vi treng ikkje legge opp til nokon debatt om klokka skal stilles fraover eller attover, for regelen her er enkel – du skal ganske enkelt stille klokka mot sommaren. Fram mot sommaren på våren og attover mot sommaren om hausten.
Les heile saka
Frå 1. november blir det enklare å teste seg sjølv ved nyoppståtte luftvegssymptom og mistanke om koronavirus. I tråd med FHI sine anbefalingar vil Surnadal kommunen dele ut sjølvtestar til personar som har nyoppståtte luftvegssymptom. Frå 1. november kan du få nokon til å hente sjølvtestar for deg på servicetorget på kommunehuset mellom klokka 09.00 – 15.00. Personar som har symptom skal ikkje komme inn på kommunehuset!
Les heile saka
I dag er det siste dag med førehandssal til Idrettslagsbasaren på søndag. Mellom klokka 15:00 – 17:30 vil det vere førehandssal av lodd på Matkroken Todalen. I tillegg kan du kjøpe lodd på Vipps 527926 fram til laurdag 30. oktober klokka 18:00. Husk da å skrive kva namn lodda skal skrivast på! Kvart lodd kostar kroner 50,- og da er du med i trekkinga av alle gevinstane på felleslista, og på hovudpremien, som denne gongen er eit gåvekort for to frå Svinvik gard.
Les heile saka
Planlegginga av neste års «Vårsøghelg» er allereie godt i gang. I ei pressemelding frå Vårsøghelga no i ettermiddag, kan dei fortelje at neste års «Vårsøghelg» blir arrangert frå torsdag 26. mai til og med søndag 29. mai 2022. Litt av kva vi kan forvente om programmet, vart og offentleggjort i pressemeldinga. Under neste års «Vårsøghelg» får vi møte mellom andre Bjørn Tomren, kjent frå årets utgåve av «Stjernekamp» på NRK 1, da saman med Heine Bugge, og da under namnet «Polka Bjørn & Kleine Heine».
Les heile saka
Vi har motteke ei lita sak frå gårsdagens treningsøkt for damene i bygda, frå ein av dei tidlegare redaktørene våre. For å ivareta treningsiveren vart det krav om full anonymitet for deltakere som tok mot til seg og dukka opp på tidlegare annonsert dametrim i Idrettslagets regi.
Les heile saka
Søndag 31. oktober mellom klokka 12:00 – 16:00 er det open kafé og bakeriutsal hos Slettneset steinovnsbakeri. Så da er det mogleg å ta turen for ein kopp kaffe med noko godt å ete attåt, eller berre stikke innom å kjøpe noko godt for å ta med seg heim!
Les heile saka
Det er spørsmålet Surnadal Sanitetsforening stiller i ei pressemelding no i ettermiddag. Bakgrunnen er at Direktoratet for sikkerhet og beredskap, i neste (1. – 7. november) rettar søkelys på eigenberedskap. Sanitetsforeiningane i Surnadal kommune, saman med kommunen markerer denne kampanjen med ulike aktivitetar rundt om i kommunen. Det blir arrangement mellom anna på Matkroken Todalen, Alti Surnadal, Matkroken Bæverfjord og Coop Marked i Bøfjorden.
Les heile saka
Ja, det er faktisk prosjektnamnet til NKS – Norske Kvinners Sanitetsforening – prosjekt som starta alt i 2019, og som går ut på å invitere nokon «som har levd ei stund» til lunch eller middag. Og som prosjektnamnet seier, så kan det faktisk være kven som helst. – Kongen kom ikkje til Sanitetshuset på lunch, men det var det mange andre som gjorde. Invitasjon var eit plakatoppslag på Matkroken, og førehandsomtale på Todalen.no. Dermed troppa det opp eit trettitals gjestar til lunch onsdag.
Les heile saka