Todalen sanitetsforening inviterer til Kløvertur måndag 14. november. Start frå Matkroken kl. 11:00.
Les heile saka
Todalen sanitetsforening inviterer til Kløvertur måndag 14. november. Start frå Matkroken kl. 11:00.
Les heile sakaDet ser ut til at nokon har gått litt heit i Petlia for ei stund sidan. Det er nemleg funne eit par blåe fleecevottar ved nedre Geitåbrua. Etter å ha hengt i eit tre der oppe ei stund no, så er dei no flytta og lagt i postkassen ved Ja-benken, fortel Elinor Bolme.
Les heile sakaNeste laurdag er du velkommen til Thaibuffet på Todalshytta. Laurdag 19. november er det nemleg klart for ein heilt spesiell dag på Todalshytta. – Lokale krefter frå Thailand har sett saman det beste av råvarer og forskjellige rettar fra eit smaksrikt land med tradisjonar. Her blir det alt frå vårruller – biff – kylling – supper – scampi – søte og sterke smakar i ei god blanding.
Les heile sakaStorhjort, tiger, sau og damer på Hamran er blant det du kan velje imellom i kåringa av månadens bilete for oktober. Det er berre å klikke seg inn og avgi din stemme før midnatt søndag 13. november.
Les heile sakaKombinasjonsbiblioteket ved Todalen oppvekstsenter, vart lagt ned etter at skulen vart slått saman med Todalen og Stangvik oppvekstsenter og flytta til Evenshaugen. Tysdag 15. november mellom klokka 17:00 – 20:00, blir det difor arrangert (gratis) «sjølvplukk» av bøker, hyller og reolar.
Les heile sakaDei siste par vekene har det vore tømmerdrift i liene ovafor Husby, og no er jobben gjort og utstyret er på veg til neste destinasjon. Det er rundt 1250 m3 med gran som er hogge dei siste vekene, med 2 hogstmaskiner og ei maskin for nedkjøring i full svaing har det gått kjapt unna. Tømmeret […]
Les heile sakaTodalen sanitetsforening inviterer til Fredrikkekaffe i Sanitetshuset laurdag 12. november i tidsrommet kl. 13:00 – 16:00.
Les heile sakaKari Løvendahl Mogstad har opplevd spiseforstyrring innafor eigen familie, og har skrive bok om sine opplevingar saman med si dotter Selma. No kjem den utflytta Surndalingen «heim» for å fortelje om si erfaring med denne sjukdomen og for å bli bokbada. Torsdag 1. desember arrangerer Surnadal demensforening og helselag bokbad, der Kari Løvendahl Mogstad kjem for å presentere boka «Vår vei ut» som ho og dottera Selma har skrevet i lag. Det er Kari Evensen, som sjølv er sjukepleiar, som skal bokbade Mogstad.
Les heile sakaVil du gjøre søndagsmiddagen lettvint, så er det berre å ta turen til Todalshytta som søndag byr på skikkeleg god husmanskost til middag – nem lig kjøtt & påsse. Serveringa startar søndag kl 14:00 og held på til kl 17:00. Bestill middag på telefon eller SMS på 929 97 550 til Arve Evensen.
Les heile sakaTodalen Idrettslag og Todalen bøgdalag inviterer til julebord i Todalen ungdomshus laurdag 3. desember klokka 20:00. Det blir servert fleire typar ribbe, pinnekjøtt, medisterkaker og pølser med tilbehør. Etterpå blir det sjølvsagt servert dessert!
Les heile sakaDet er forlengst ein god tradisjon av den bilane som Halsbua/Matkroken bruka til utkøyring av varer heiter «Støvbrettet». Det grip heilt attende til 1949 da faren til Terje Nordvi, Edvart kjøpte ein bruka A-Ford 1946-modell til føremålet. Bilen var bruktimport frå England og vart bygd om til pick-up i Trondheim. Edvart Nordviks kommentar når han […]
Les heile sakaLaurdag 5. desember blir det skikkeleg heildags bursdagslag for kulturhuset. Egentleg var 20-årdagen den 18. jnauar, men da var enno alt usikkert rundt handteringa av pandemien og usikker smittefare. Men no er altså alt klart, og kulruturavdelinga i kommunen kunne i dag presentere eit skikkeleg og heildags program for den lokale pressa.
Les heile saka