Ikkje alle todalingar har like stor respekt for miljø og gjenvinning. Dette viser seg blant anna ved miljøkonteinerane som står utplassert ved ICA Todalen. Konteinerane som er beregna på retur av glass og metall blir stadig vekk brukt som dumpeplass for restavfall.
Les heile sakaJuleverkstad ved Start 4H
I kveld var det juleverkstad på Todalen skule ved Start 4H. Det var bra med folk, og det var nokon i alle gruppene. Det var tre grupper å velgja mellom, desse var sløyd, baking og kortlaging.
Les heile sakaGrovt kaliber
Saga på Ansnes tar unna det groveste tømmeret i vårt distrikt. Saga er som kjendt underlagt MøreTre AS i Surnadal og driv hovedsaklig med skjæring av laftetømmer.
Les heile saka
Frontar kampen mot jerven
I onsdagsavisa har Driva eit stort oppslag om at Surnadal kommune støttar kravet frå sauebøndene om å halde Trollheimen jervfri.
Ledar i rovviltnemda Torill Melheim Stand har vore på besok og tek med seg innspell i arbeidet med ny forvaltningsplan.

Fotballbasar i kveld
Fotballgruppa i T.I.L. arrangerer basar i Ungdomshuset søndag 6. desember. Basaren startar kl 18.00 og går utover kvelden.
Les heile saka
Laurdag: Juletorg i arboretet
Juletorg med skikkeleg julestemning i Svinviks arboret laurdag 5. desember i tidrommet 14-17.
Les heile saka
Nytt årsskrift i salg
Todalen historielag har kome med eit nytt årsskrift, som er i salg. Heftet er på heile 80 sider med todalshistorie, og er rikt illustrer med fargebilete som er knytta til stoffet.
Dette er årsskrift nr 8 fra Todalen historielag, der alle sammen har Reidar Østvik som redaktør. Og nummer 8 er etter vår meinig det beste av dei alle.

Oppdrag i Gudbrandsdalen
Skogkompaniet AS i Surnadal, der Kristen Bruset er driftsledar held på med eit prosjekt i Gudbrandsdalen. GD (største avisa på Lillehammer) har laga reportasje om dem som ligg på Gd-nettet.
Les heile saka
Advent med lysmesse
I Todalen kyrkje starta dei det nye kyrkjeåret med lysmesse søndag kveld. med smått og stort var det var over 80 personar tilstades da vikarprest Aarseth ønska velkomen på lysmessa.
Mo og Stanvik skulekorps tok del i lysmessa og hadde «pussa støvet» av julsongane for høvet. Til tross for at dei var litt fåmennt fikk vi høre eit triveleg gjenhør med kjente og kjære julsongar.

Torkjel fikk Den Gyldne Patron
Nærare hundre todalingar sette kvarande i stemne under årets Hjortfest i Ungdomshuet laurdag kveld. Det var T.I.L. som var arrangør med Talgø og Kårvatn jaklag som vertskap. Dei diska opp med velskmakende viltgryte til heile gjengen, og sjefskokk Jon Olav Roaldset må få skryt for den.
Festledar Ragnar Halle introduserte kveldens program og fortalte om inflensaen som herja i programkomiteen. Dette gjorde at arrangøren måtte sette inn reserveløsninger, men programmmessig kom de godt ut av det.

Finn Talgø fikk Kongens sølv
Under ein høgtidleg festmiddag på Surnadal kulturhus fikk Finn Talgø overrekt Kongens fortjenestemedalje i sølv. Det var ordførar Mons Otnes som stod for overrekkinga. Finn Talgø fikk utmerkelsen for sitt store engasjement både som næringsutviklar og industrigründer, lokalpatriot, kulturaktør, pådriver i samferdselsspørsmål og ikke minst som hedersperson som sett meneskeverdet i sentrum.
Les heile saka
Ny blomsterbutikk
Karen Oddny’s heim og hagetjenester åpner blomsterbutikk i Amfi Surnadal kl. 10.00 i dag.
Les heile saka