Sol, landvind og mange varmegrader om natta dei siste påskedagane fekk fart på snøsmeltinga, no er det nesten bart nede i bygda. Ein ser stor forskjell frå dag til dag.
Les heile saka
Sol, landvind og mange varmegrader om natta dei siste påskedagane fekk fart på snøsmeltinga, no er det nesten bart nede i bygda. Ein ser stor forskjell frå dag til dag.
Les heile sakaUnder gårsdagens årsmøte i IL Søya vart det endringar på toppen, da leiar Terje Haugen ikkje tok gjenvalg etter fem år som lagets leiar. Ny leiar vart Ann-Elin Stenberg, førøvrig den 2. kvinnelege leiaren i idrettslagets 97. år lange historie. Ho tek over eit velfungerande idrettslag med mange gode og arbeidssomme undergrupper skriv IL SØYA på si heimeside.
Les heile sakaÅrsmøta går «slag i slag» i dei ymse lag og foreningar. Denne gongen er det Todalen historielag som melder om årsmøte som er dagsett til torsdag 31. mars. Det skjer i todalen ungdomshus kl 19.30, og her kan du lese meir om det som skjer på årsmøtet.
Les heile sakaJon Bruset har sendt oss bilde eit bilde av kvitsymre som han hadde funne på ein lun plass i nedre del av Romålia. Han seier det er uvanleg tidleg for kvitsymre i mars månad, men er usikker på om det er nokon form for rekord for dette området. Utover veka er det meldt litt kaldare […]
Les heile sakaPåmedingsfristen til Todalen Sanitetsforening si 100-årsmarkering nærmar seg. Bli med på ei verdig markering oppfordrar styret i arrangementskomiteen.
Les heile sakaLite lesestoff etter påske? Her kommer månadens blogg fra Peder Kvendset
Les heile sakaÅrets påskekrim er over og vi har fått inn fleire gode forslag på løysing. Desverre var det ingen som var like djerv som frøken Bladfyk og klarte å finne løysinga som var sjølvaste ordførar Lilly Gunn Nyheim. Fleire hevda til og med at Lebrekk Bladfyk hadde teke feil!
Les heile sakaOnsdag 30. mars kl 18.30 er det klart for årets sesongkickoff for Idrettslaget Søya. Da inviterer fotballgruppa alle fotballvenner (spelarar, lagledarar, trenarar, foreldre) i Søya til eit spennande arrangement på Surnadal ungdomsskole.
Her blir det høgtidelig presentasjon av alle spelarane (med ein liten overraskelse til alle), lagledarar og trenarar.
Les heile sakaDei siste dagane har det på det næraste vore sommartemperatur. Jon Bruset rapporterer 16 varmegrader på det meste heime på Småhjellan. Det er mykje til å være mars månad, men det er slett ikkje den varmaste marstemperaturen som er målt i Brusetmarka. Bla vidare så får du sjå dokumentasjonen…
Les heile sakaFriluftsgudsteneste på Haugligardane har vore tradisjon dei siste 16 åra. Ein gong har vi flytta gudstenesta til kyrkja på alle desse åra, fortel Bernt Bøe, som har vore organist heile denne perioden. Den gongen flytta vi innomhus på grunn av dårleg vêrmelding, men vêret vart betre enn meldt og vi kunne faktisk ha arrangert ute denne dagen og. – Den sikraste måten å få godvêr på er å arrangere friluftsgudsteneste i Todalen gliste han
Les heile sakaDet var knytta stor spenning til den store sjakkfinalen i Todalen ungdomshus 2. påskedag. Etter innleiande konkurransar i Kaffekroken utover heile etterjulsvinteren, var det endeleg klart for å kåre mein mester. Presis kl 16.00 starta både bronsefinalen, der Terje Nordvik og Anders Talgø kjempa om bronseplassen og Amund Talgø og Kristoffer Nordvik kjempa om gull- og sølvplass.
Les heile sakaHer kjem løysinga på årets påskekrim. Vi håpar de har hatt fornøyeleg lesning. Og kven veit, kanskje det blir ein oppfølgjar til neste år?
Les heile saka