Søndag 7. august inviterer Stangvik Historielag til kulturvandring i Søyådalen. Ruta blir som i fjor, og guidar er forfattarane av Søyådalsboka. Dei som vil vere med på vandringa møter opp ved Eidet skule innan klokka 10. Derifrå går turen med bil inn til Gammelseterbrua, der det blir ein kort stopp med orientering.
Les heile saka
I Bekkerhagan har Husby Vel drive storstila dugnadsarbeid med rehabilitering av leikeplassen i grenda. Alt i tre er skifta ut og dei har fått på plass ei flott utestove, sandkasse og platting. No inviterer dei både sponsorar, naboar og andre interesserte til å kome og sjå, og har open dag søndag 7. august frå kl 15.00.
Les heile saka
Då har alle laga vi følger her frå Todalen spela sine kampar i dag, under den tredje dagen av Norway Cup. Og i følge ivrige tilskoderar, så har både G13 og J14 vunne sin kamp, medan J 16 no tapte. G13 og J 16 er dermed klare for A-sluttspelet, og J14 for B-sluttspel.
Les heile saka
Fra kulturavdelingen ved Surnadal kommune har vi fått ei pressemelding om storslagen kunstutstilling av trønderske Karin Ford. Utstillinga åpnar i Finstuå på Skei laurdag 6. august kl. 13.00. Utstillinga vil bli ståande til og med søndag 28. august, skriv Steinar Hasselø i ei pressemelding.
Les heile saka
Pakkhuset Kro melder at det er open pub komande laurdag 6. augst frå kl 21 og utover kvelden. Neste fredag – 12. august er det klart for ein ny omgang med «Spansk aften». I år som i fjor er det Siri og Frances som er kokkar, og dei tryllar fram mange spanske rettar på Pakkhusets […]
Les heile saka
På Ekeberg er det dag 2 for Norway Cup. Våre lokale lag melder om fortsatt seier og godt vêr i hovedstaden. Kvass/Ulvungen/ Søya/Todalen G13 spela i dag mot Høybråten og Stovner IL og vann med 3-1. Her var det scoringar av Vebjørn Hunnes, Marcus Brein Gikling og Lang Valset. Laget er dermed vidare i A-sluttspelet med ein kamp igjen i morgon.
Les heile saka
Komande torsdag dreg Torbjørn Brøske til Alanya i Tyrkia på jobb som prest for Sjømannskyrkja. Sjømannskyrkja og Utanriksdepartementet seier at det er trygt der, men eg må tilstå et eg er litt spent, seier Torbjørn. Kona Rannveig kjem etter om ei veke, og saman skal dei to drive Sjømannskyrkja i turistbyen Alanya i 5 veker i august og starten på september.
Les heile saka
Frå Bøfjorden blir vi påminna om storkonsert med Frode Alnæs den 10. september i Bøfjorden grendahus. Billettsalget er no i gang fortel Kay Edvin Sættem Nessæther i ein epost til redaksjonen:
Les heile saka
Frå Jon Bruset fekk vi før helga tilsendt bilder frå Bjøråskaret der trimboka og lokket på oppbevaringsboksen er fordufta. Det er nok ikkje meir dramatisk enn at vinden har fått for god tak i lokket og teke med seg innhaldet. Plassen der boka er plassert er såpass godt gjømt, at fleire turgåarar ikke har funne denne gjøymeplassen.
Les heile saka
Saknar du vassflaska di? – På tur til Lauvåfjellet fann Brit Grønmyr ei slik flaske oppå Knuken. Glømte du vassflaska di da du rasta oppå Knuken, så har Brit teke vare på den, og du kan få den att ved å ta kontakt i Brit eller Eivind i Steinarstua!
I år har vi ingen eigen utegåande reporter under Norway Cup. Derfor låner vi nokre bilder frå Idrettslaget Søya, som har oppsummert første dag i verdas største fotballturnering på si heimeside. Søya/Todalen har i år spelarar på 4 lag med i turneringa. Eit KUST G13 9’er, eit STUK J14 7’er, eit STUK J16 og eit S/S/T J19.
Les heile saka
Ønskekonserten var det siste musikalske innslaget under årets Stangvikfestival med musikalsk mangfald. Med Trygve Brøske som programleiar fekk publikum ein Brahms-inpirert konsert med stor kunstnerisk variasjon. – Feira vart også det nye flygelet som Stangvikfestivalen har anskaffa saman med Vårsøghelga og Kulturskulen – med god støtte fra sponsorar.
Les heile saka