Sangkoret Tormod melder om at planlagt arrangement på Sagatun i morgon 1. oktober dessverre er avlyst grunna dødsfall.

Sangkoret Tormod melder om at planlagt arrangement på Sagatun i morgon 1. oktober dessverre er avlyst grunna dødsfall.
Fårikålens dag har lang tradisjon i Sanitetshuset – tidlegare var det eldremiddagen som hadde regien, men no er det Beredskapsgruppa i Todalenen sanitetsforening som står attafor. Men tiltaket er nok minst like populært for det – dagens store fårikålgrute drog iallfall eit 30-tals fårikålelskarar til fårikålbordet. Det var Jorun Ørsal, Karen Johanne Talgø og Synnøve […]
Les heile sakaI Romådalen er det lange tradisjonar for hjortjakt – Johan Halle skaut den første hjorten her straks før andre verdskrig – 10. september 1933 skedde det, fortel jaktdagboka til H&H som har Sverre Grønmyr som kjelde. Organisert jakt vart det først i 1954 iflg. den same jaktdagboka. Halle & Husby jaktlag driv no både hjortjakt og elgjakt i Romådalen, og hittil i år er fangsten vorte 3 elgar og 4 hjortar. Kristen Halle, som er jaktsjef på Halle & Husby jaktlag, har sendt oss nokre bilder frå jakta i år .
Les heile sakaMåndag 17. oktober arrangerer Søya og Todalen skytterlag sitt årsmøte. Det skjer i klubbhuset på Vang skistadion og startar kl 19.30, melder styret.
Les heile sakaTorsdag 29.september kl.18.00 åpner Toril Redalen utstillingen «STØV» på RAM galleri i Kongens gate i Oslo. Hun er nå i full gang med rigging til åpning torsdag, og får god hjelp av kunstnerkollega Tove Lise Røkke Olsen som hun deler verksted sammen med i Trondheim. I utstilingen STØV har Toril arbeidet med støvet som kunstnerisk materiale, og behandlet støv eller leire som noe helt fundamentalt i menneskelivet, som grunnen vi trør, bor på, og dyrker i, støvet som grunnlag for stedets sammensetning, ressurser og identitet.
Les heile sakaMandag kveld sette dei unge fotballspelarane på Todalen sitt knøttelag eit punktum for ein innhaldsrik fotballsesong. Ungane med foreldre og søsken avslutta med ein hyggeleg tur på Ja-benken ovanfor Flathaugen. Gjengen møttes i Jostua og tok turen om Husby Vasslag sitt pumpehus, før turen gjekk vidare om den no merka stien gjennom Petlia, som endar på eit fint utkikspunkt over bygda kalla Ja-benken.
Les heile sakaTorsdag 29.sept.blir det song og musikk i Øye kyrkje. Tidlegare sokneprest Torbjørn Brøske vil med sin lette og inspirerande måte, fortelje om salmediktarane og litt historikk rundt salmane som blir presentert. Det blir mykje allsong der vi gjer oss kjend i den nye salmeboka, fortel kantor Oddveig Helset Halle i ein epost.
Les heile sakaStyret i Surnadal demensforening og helselag ønsker å takke årets russekull ved Surnadal Videregående skole for samarbeidet omkring årets demensaksjon. Totalt fikk russen samlet inn kr 80.756,- i Surnadal kommune. Ikke så greit nå i disse «korttider» og mange ikke har penger i pungen, sier Liv Botten i foreningen.
Les heile saka4 rådyr beita så fredeleg som berre det rett innafor Øyabrua – ca 50-60 meter frå vegen i kveld. Dei stod berre å glana, og lurte på kva for tulling som prøvde å ta bilde no når det mesta var for mørkt. Dei har nok levd eit fredelag og ufarleg liv, og funne mykje god mat på ekrene i Hallagrenda i sommar.
Les heile sakaKaren Johanne er forlengst i gang i gjen etter sommarferien. Bibliotekfilialen i Todalen er open kvar måndagskveld frå 18.00 – 20.00. Da vi stakk innom bibliotekfilialøen i kveld var Karen Johanne i full aktivitet med å sortere ut gamle bøker for å få på plass nye aktuelle titlar i hyllene. Med 3 timar kvar veke til rådigheit tek nok dette arbeidet litt tid, men alle bøkene skal få sin plass etter kvart, seier ho.
Les heile sakaDet ble fullklaff og premiere for Signe Larsen som tok sin første hjort i dag, da ho sendte ein åttespiring til dei evige jaktmarker i Haukålia. Tross ung alder, så har ho lang fartstid som jagar på jaktlaget på sørsida. I år går ho med eiga børse, og søndag vart det altså premiere både for Signe og børsa.
Les heile sakaDen 11. juni klarte ikkje Bøfjord å stille lag i ein 6.-divisjonskap mot Smøla, og det vart dei straffa for. Fotballforbundet staffa Bøfjord med ei bot på kr 6000 for det – søndag jobba dei inn bota med å montere fjøsinnreiing hos Olav Halle i Austistua.
Les heile saka