Todalen Sanitetsforening har lang tradisjon med å markere og å feire fastelavn. På Matkroken dukka det opp tre damer, som slett ikkje kom tomhendt. Det velkjente fastelavnsriset kom på plass og det gjorde også fastelavnhjarta som var laga av lerke. Og sjølvsagt var det servering av nystekte bollar og varm kakao til alle som var […]
Les heile saka
Scooterkomiteen melder no i morgontimane om at det er oppkjøyrte løyper frå Innerdalsmerket og opp til Tristeinan. I løpet av dagen vil nok også spor opp Øyalia og til skihytta bli i tipp topp stand, klare for helgeutfart. No er det også oppkjørt sport med sporleggaren nede i bygda. Frå Halsabrua, oppover mot Småland og […]
Les heile saka
I dag arrangerer Todalen Sanitetsforening strikkekaffe i Sanitetshuset igjen. Dette er ein sosial treffstad med strikketøy eller anna handarbeid for den som ønsker det. Eller utan om du berre vil komme for eit triveleg selskap utan noko mellom hendene.
Les heile saka
Ski og friidrettsgruppa inviterer til skileik på Tjønnmyra søndag mellom 14 og 16. Siste døgn har gjeve oss godt med snø, så forholda er no topp for den som ønsker ein runde eller to i lysløypa.
Les heile saka
Todalen Idrettslag inviterer til årsmøte i Todalen ungdomshus torsdag 30. mars kl 19. Årsmøtet er kunngjort ved oppslag på Matkroken og gjennom Todalen.no. Fullstendig saksliste blir tilgjengeleg frå seinast 23.mars.
Les heile saka
Ståle Ansnes melder til redaksjonen om at no er det topp forhold for ein skitur i lysløypa på Tjønnmyra. Han har bruka deler av dagen til å lage nye spor etter siste snøfall som kom i natt. Det er ikkje meldt unormalt mildver i helga, så muligheitene for litt trim er da kanskje tilstades.
Les heile saka
Surnadal brannvesen har no inngått avtale med Norsk brannvernforening om bruk av Brannbamsen Bjørnis i sitt forebyggjande arbeid retta mot barn i Surnadal kommune. Avtalen er rykande fersk denne veka, så brannsjef Tor Arne Moen har ikkje alle detaljar om bruk og profilering klare enda. Prosjekleder for Bjørnis, Rikard Heimen derimot er rimelig klar på at Bjørnis er 5. mann i brannbilen. Bamsen skal væra fast inventar i alle bilane og gis til barn som er involvert i ulykker, har vore vitne til ulykker eller andre situasjonar som kan opplevas som dramatiske for dei.
Les heile saka
Fotterapaut Pan Hoset kjem mandag den 6. og tysdag den 7. mars på nok ein runde med fotpleie i Sanitetshuset. Det er fortsatt Marit Sanden Søyset som tek i mot bestilling på time. Ho er å treffe på telefon 980 36 391.
Dei beste filmane vil få sine oscars natt til måndag. No har du sjansen til å få med deg to av dei største favorittane på dagtid. Surnadal Kino har sett opp mange ekstraforestillingar i vinterferieveka; mellom anna med to av dei store oscarfavorittane.
Les heile saka
Sist torsdag hadde Indre Nordmøre Forsvarsforening årsmøte med godt oppmøte på Hammerstuene. Årsmøtet var bekymra for utviklinga i Forsvaret, og vedtok ein uttalese som er gjengjeven nedafor. På årsmøtet vart det elles gjenval av styret som består av leiar Olav Jostein Holten, nestleiar Lars
Indreiten, sekretær Johannes J. Vaag, kasserar Halvor Flatekval og styremedlem Arvid Gjengstø.
Les heile saka
Det var vel ikkje uventa at også søndag vart Kilian Jornets dag i Dalalia på Kårvatn. Sjølv om Håkon K. Johannesen var raskast ut frå stadion, så var Kilian ganske raskt i tet og berre auka på etter kvart. Kilian var først på toppen (909 m), 3:16 føre Ola Hovdenak og 4:48 føre Håkon Klerud […]
Les heile saka
Måndag 20. februar blir det ny Kløvertur. Start frå Matkroken kl. 11.00. Turruta denne gongen er slik: Frå Matkroken går turen ned forbi fabrikken til Bordholmen, langs Toåa til Gunnøya og eventuelt innover til Båthølen og retur til butikken.
Les heile saka