Det er påske 2017. Lufta bevar tå søget av vår og det som er i vente. Himmelen – rein og klår. På fjelltoppane ligg snøen enno grå og tjukk som luggen til presidenten over dammen. Folk drøymer om skispor med god gli i kvar ein sving, og at sola skal gje frekner og fine Dagens bilete. Her he du Todalen, ein heilt vanleg vårvinterdag – og det er på tide å ta fatt.
Les heile saka
No blir det tursti langs elva – samanhengane sti frå Halsabrua og oppover på nordsida til Trøbakkan. Det står att litt rydding, men i kveld har motorsaga gått jamt og trutt, og det har gått hardt utover småskogen. Prosjektet fortsett i morgon ettermiddag, så har du lyst har du lov….
Les heile saka
Før påske, fram til og med onsdag er det vanleg opningstid 9.00 – 18.00. I påska er butikken open på påskeaftan 9.30 – 15.00. Skjærtorsdag og 2. påskedag er det kioskope 16.00 – 18.00, medan langfredag og 1. påskedag er butikken stengt. HalsOil drivstoff selges på kortautomaten heile døgnet heile påska. Ta påskehandelen lokalt!
Todalen sokneråd arrangerer to gudstenester i påska. Det er vanleg gudsteneste i Todalen kyrkje langfredag 14. april kl 19.30. 2. påskedag – måndag 17. april blir det friluftsgudsteneste med dåpshandling på Haugligardane kl 12.
Les heile saka
Nordvik grendelag har lange tradisjonar for å arrangere seterrenn på Nordviksetra. Snø er imidlertid mangelvare, så det må bli alternative aktivitetar og barmarksøvingar, seier Ola Magne Nordvik som er leiar i grendelaget. Aktivitetar blir natursti med aktuelle spørsmål og konkurranse etter laginndeling. Starten er skjærtorsdag kl 12, og det er lagt opp til traktorskyss frå forsamlingshuset kl 11.
Les heile saka
Også i år er vi så heldige å ha fått tilsendt ein underhaldande påskekrim frå ordkunstnar Guro Redalen. Handlinga lagt til L. Hals med handelsmann Nordvik som fyk i mellom reolane meda han ventar på at sola går ned i Kjerringholet og påskehandelen eksploderer.
Les heile saka
For mars kan vi gratulere Ingri Bruset som vinnar av månadens bilete med «Eldorado». Det var tydeleg at mange kjende seg att i Eldoradoet, og ho fekk omtrent halvparten av dei 200 stemmene denne månaden. Vi gratulerer og lover at premien blir overbrakt ved første anledning. Vi takkar alle bidragsytarar til dagens bilete gjennom den […]
Les heile saka
Fredag kveld var det premiere for boka om Nordmøre Husmorskule i Stornaustet på Halsanaustan. Det er Halsa heimbygdlag som har teke initiativ til å samle historia til husmorskulen i bokform. Ein komité har samla stoff og bilde, og Einar Oterholm har ført boka i pennen – til saman 157 sider med rikt illustrert historie.
Les heile saka
Surnadal Røde kors inviterer til ettermiddagskaffe i Røde Kors-huset på Bøvra tirsdag 11. april kl. 14.00. Her blir det servering og utlodning som vanlig melder omsorgsavdelingen.
Les heile saka
Forleden laga vi nyheitssak på at Kårvatn Fjellustyr skulle arrangere tradisjonelt påskesal i butikken på låven. Fredag tok vi turen oppover for å sjå og høre kva dei hadde å by på. Laila og Fredrik var i full gang med sortering av varer, tegning av plakatar og rydding – for å ha alt klart til laurdag morgon når påskesalet startar i butikken.
Les heile saka
Surnadal kino har sett på yr.no og vil gjera den grå før-påska litt meir fargerik. Kinoen sett difor opp fleire nye filmar på både laurdag og dei tre kvardagane over helga. Da desse filmane ikkje er annonserte i avisa, kan ein trygt kalle dette «Breaking News!»
Les heile saka