Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Gründerstipend til Siri

Elinor Bolme Fredag 22. september 2017

Kunstnar Siri Skjerve var i haust ein av 17 som leverte søknad på startstipend for dei som innafor ei kreativ næring ønskjer å starte eiga bedrift i fylket. Og denne veka vart det klart at ho var ei av fire heldige som no får tildelt 100 000 kroner for å bruke til å etablere sin eigen arbeidstad. Møre og Romsdal fylkeskommune ønsker å vektlegge kultur som næring og styrke moglegheitene for entreprenørskap i kulturell- og kreativ næring, og det er no fjerde året at desse stipenda er tilgjengeleg for grunderar som ønsker å etablere seg.

–Dette er kjempeinspirerande fortel Siri, som no er i startgropa for å etablere sin eigen arbeidsstad her i Todalen. Eg har allereie fått tak i egna lokale hos Terje Nordvik på Sias. Så no er eg endeleg i gang med å etablere nok ein arbeidsplass i bygda, med mitt eige keramikkverkstad/leirstøyperi. Stipendet går med til utstyr og tilrettelegging.

Siri er klar på at det er dette ho skal leve av. Og med ein master i kunst frå Kunsthøgskulen i Bergen, skal det ikkje vera noko tvil om at grunnlaget er lagt. Ho arbeider i ein konseptuell kunsthandverktradisjon og vil arbeide for at leirstøperiet skal vere ein base for profesjonelt kunsthandverk på Nordmøre. Ho har tidlegare saman med kunstnar Toril Redalen arrangert workshops i Todalen med nettopp keramikk i prosjektet ”Fire in a hole”.

For tida er ho også prosjektleiar hos Noregs ungdomslag i forbindelse med prosjektet ”Huset i bygda” og som koordinator for Norske Kunsthåndverkere Midt-Norge sitt prosjekt HUNGER .

 

Publisert: 22. september 2017, 06:00