Leiaren i Todalen historielag minner om at fristen for å melde seg på turen til Valsøyfjord er 1. juni. Det er framleis nokre få ledige plassar i bussen. Påmelding til Marit Haugen eller John Moe.
Stangvik historielag og Todalen historielag inviterer til busstur 9. juni. I fjor gjekk turen til Oppdal – i år går turen til nabokommunen vår Halsa, nærare bestemt Valsøyfjord.
Les heile saka
I morgon er det nok ein storkamp på Bordholmen. Da møter Søya/Todalen Rindal 1 i klassen J10.
Les heile saka
Måndag 28. mai var det tid for årets første RUSLETUR, og riktig mange møtte opp for å vere med på trim med kaffelag i godt turver.
Les heile saka
Vårsøghelga avslutta ei omfattande program med konserten med Engegardskvartetten i Svinviks arboret i går kveld. Det var bra med folk som møtte på konserten i arboretet, og dei kunne kose seg i sommarkvelden med både song og musikk. Programmet starta med strykarar frå kulturskulane i Sunndal og Indre Nordmøre som opptredde med eit fellesprosjekt. Dei vart akkompagnert av Erik […]
Les heile saka
I helga har Erik Kårvatn delteke på Trondheimslekene 2018. Eit stort friidrettsstemne kor friidrettsutøvarar frå heile Midt Norge møtes for ulike friidrettsgreiner. Erik spring for Rindal IL og har delteke i to ulike distansar; 400 meter i går, og 800 meter i dag.
Les heile saka
Anders Gjeldnes fortel i ein epost til redaksjonen at Ragnar Halle har teke initiativ til ein dugnad på kyrkjegarden for å pynte rundt gravstøttene og kyrkjegardsmuren. Denne blir allereie i morgon klokka 19.
Les heile saka
I dag da vi passerte Todalshytta såg vi at det var full aktivitet med vindusvask, og da stoppa vi sjølvsagt og slo av ein prat. Det var drengen, Terje Kristiansen, som var i full gang med vindusvask på kjøkkenet. Terje røpa at han har vært på hytta sia 17. mai, og har pusla med vaktmestertjenester dei siste par vekene – og det var ikkje vanskeleg å sjå.
Les heile saka
Vårsøghelga er god i gang, og laurdag kveld var det Kleivakvelden som stod på det rikhaldige programmet. Ein av programpostane som det er knytt stor spenning til er utdeling av Kleivaprisen. I år var det politimester Ingar Bøen som hadde æren av å dele ut prisen, og jammen hadde komiteen funne ein verdig prismottakar!
Les heile saka
Laurdag 26. mai gjekk andre runde i Nordmøre Championship av stabelen på Bordholmen. Her møttest tre lag til dyst, nemleg Rindal, Søya og Todalen, og det vart tre spennande og artige kampar.
Les heile saka
At Todalen historielag klarer å samle nærare 40 interesserte til historisk vandring på ein laurdag ettermiddag er jammen godt gjort. Men laurdag var det faktisk slik, da historielaget gjorde sambygdingane kjent på Kvennsetgarden – eller rettare sagt resten av Kvennsetgarden
Les heile saka
Kom på Bordholmen og se Todalen spelar mot Søya og Rindal i dag kl 14.00
Open kiosk.
Les heile saka
Måndag 28. mai inviterer Saniteten til Kløverrusletur oppå Tjønnmyrå. Her er det fin gapahuk og fine, faste grusvegar å gå etter. Her kan ein gå så kort eller langt ein vil i eige tempo, og ein kan ta seg fram med både rullator, krykkjer eller stavar.
Les heile saka