I ei pressemelding no på tidleg ettermiddag, kjem kommuneoverlegen i Surnadal kommune med nokre lokale lokalt tilpassa tiltak og råd. Dei nye tiltaka og råda bygger i hovudsak på dei nye nasjonale smitteverntiltaka og råda, som regjeringa og FHI presentert i går ettermiddag.
Les heile saka
Her kjem november kandidater for månadens bilete, hjelp oss å kåra ein vinnar. Vår epost er også klar for å ta imot nye bidrag som vi kan bruke til dagens bilete fremover.
Les heile saka
Driftsleiar for lysløypa på Tjønnmyra, Ståle Ansnes, kan tidleg i ettermiddag melde at det er nypreparerte løyper i lysløypa på Tjønnmyra. Det er gode forhold for å gå på ski i heile traseen i lysløypa kan han fortelje.
Les heile saka
Har du høyrt om too good to go, appen som ønsker å bidra til mindre matsvinn? Resturanter og butikkar som er medlemmer i too good to go gir ut overskotsmaten sin til ein rimeleg pris i forundringspakkar. Her kan alle tinga seg desse og få eitt godt og rimeleg og overraskande måltid og dessutan bidra til mindre matsvinn i verda
Les heile saka
Etter at Barne- og ungodmsgruppa i Todalen Idrettslag fekk ferdigpreparert skeiseisen på Bordholmen stadion søndag ettermiddag, har det vore stor aktivitet på skeiseisen kvar einaste kveld. Det har vore mellom 15 og 20 ungar/ungdommar kvar einaste kveld, sjølv om gradestokken har vist mange blå grader.
Les heile saka
Onsdag kveld var det tradisjonell julegrantenning i Trudvangkrysset, og det samla meire eller mindre heile grenda til ei triveleg stund – for å markere at det snart er jul i grenda. Det er ikkje mykje overdrive når ein sier at folk i Brusetmarka gikk mann av huse for å være med.
Les heile saka
Måndag 6. desember kjem Eva Weel Skram til Surnadal kulturhus med forestillinga si «Falle til ro». Dette er første skikkelege juleturneen til Weel Skram, og her har ho sett saman eit reportoar av julesongar som betyr mykjer for henne.
Les heile saka
Søndag 5. desember klokka 11:00 inviterer Todalen Sokneråd til Lysmesse i Todalen kyrkje. Liturg denne søndagen er Cathrine Grutle, medan Ronny Kjøsen er organist. Under lysmessa blir det utdeling av biblar til 10 og 11-åringane og to barnedåpar.
Les heile saka
Todalen Sokneråd sin adventkonsert torsdag 2. desember klokka 19:30 blir AVLYST på grunn av sjukdom. Medlem i Todalen.no –
Les heile saka
Surnadal Pensjonistlag inviterer torsdag 2. desember klokka 11:00, til ny «Bøy og tøy» i Meierisalen på Landbrukshuset. Det er fysioterapeut Oda som rettleier på torsdagens «Bøy og tøy». Det gjer godt med litt bøying og tøying no før jul. Dersom nokon kvier seg på den bratte troppa opp, så kan dei ta inngangen lenger vest og ta heisen opp. Derifrå er det ein grei korridor til Meierisalen.
Les heile saka
Grunna smittesituasjonen, i samband med pågåande koronautbrot i Surnadal kommune, melder Kyrkja i Surnadal at den planlagte «fellesmiddagen» på Kyrkjelydshuset i Surnadal onsdag 1. desember, dessverre må avlysast. Dette er eit førebyggjande tiltak og i tråd med gjeldande råd frå lokale helsemyndigheiter.
Les heile saka
Kulda kom brått på, og vi har opplevd temperaturar opp i 15-16 kuldegrader på Kvennset dei siste dagane. Når det kjem såpass sterk kulde etter at vi har hatt ein lengre nedbørsperiode vil det ofte bli sjøis som eit resultat. Det har vi opplevd dei siste dagane, og sjøisen ligg heilt utover mot Kvannefjorden – eller rettare sagt jamnt med Mulneset.
Les heile saka