Neste veke er det påskeferie, og på Surnadal kulturhus inneber dette nokre endringar i opningstida. Frå måndag 11. april til og med måndag 18. april er opningstida redusert både på kulturhuset og biblioteket.
Les heile saka
Neste veke er det påskeferie, og på Surnadal kulturhus inneber dette nokre endringar i opningstida. Frå måndag 11. april til og med måndag 18. april er opningstida redusert både på kulturhuset og biblioteket.
Les heile sakaTysdag ettermiddag gjennomførte sokneråda i Surnadal kommune, med hjelp frå årets konfirmantar, fasteaksjonen 2022 – «En dråpe vann». Gjevargleda var stor ved årets fasteaksjon i Surnadal kommune, og det vart samla inn i overkant av 119.000 i kommunen vår, noko som er eit særs godt resultat for sokna våre. Kyrkja nyttar difor høvet til å takke alle konfirmanter, foreldre og frivillige som deltok under årets innsamlinga den 05. april.
Les heile sakaÅrsmøtet i Todalen.no var gjort unna i rekordfart – årsmøtesakene gikk kjapt unna med styreleiar Stig Husby som møteleiar på årsmøtet. Både årsmelding, rekneskap og revisjonsrapport vart godkjent uten kommentarer viste at selskapet har orden på både økonomi og drift.
Les heile sakaTodalen Idrettslag rettar ein stor takk for minnegåva idrettslaget fekk i samband med Nils Helge Ness si gravferd i Røbekk kirke fredag 1. april. Deler av minnegåva er øyremerka diskgolfbanen på Bordholmen stadion og vil bli brukt der.
Les heile sakaTysdag kveld var årets- og fjorårets konfirmantar ute med bøssene som deltakarar i ein landsomfattande fasteaksjon i regi av Kirkens Nødhjelp. Gjengen som var rundt i heimane på innsamlingsrunde rapporterer om stor givarglede, seier leiar i Todalen sokneråd, Kristian Gjeldnes
Les heile sakaTodalen.no minner om årsmøtet sitt i Todalen ungdomshus onsdag 6. april klokka 20:00. Vanlege årsmøtesaker, som årsmelding, rekneskap og val står på saklista til årsmøtet. Det blir servert kaffe og kveldsmat.
Les heile sakaDet dufta godt av nykverna og nybrygga kaffe i kaffekroken i dag. Firma Nybrå Agentur var her og leverte ny og moderne kaffemaskin som erstatta den gamle i kaffekroken. Den nye kaffemaskina nyttar heile kaffebønner og bryggar kopp for kopp på «bestilling» – og det skjer på Friele kaffe.
Les heile sakaSurnadal kommune lyser ut sommarjobbar for ungdom i Helse- og omsorgstenesta. Ungdommar registrert busett i Surnadal kommune kan søkje på ordninga. Surnadal kommune ønsker å gje ungdommane innsikt i arbeidet i pleie- og omsorgstenestene i kommunen, og tilbodet er å sjå på som ein introduksjon til arbeidslivet.
Les heile sakaStyret og driftsstyret anlegg i Todalen Idrettslag sin planlagte dugnad i Toåa tursti, onsdag 6. april klokka 17:00, er utsett på ubestemt tid. Dette på grunn av snøfallet som har vore dei siste dagane og vêrutsiktene dei komande dagane. Ny dato og tid for dugnad vil bli kunngjort når dette er bestemt.
Les heile sakaTodalen.no inviterer alle sine medlemmer til påskequiz med tacosnadder i Todalen ungdomshus, onsdag 13. april klokka 19:00. For våre medlemmer er det fri inngang, og ikkje-medlemmer betaler kroner 200,- via vipps ved påmelding. Dette inkluderer i tillegg eitt års medlemskap, dersom ein ønsker å vere medlem i Todalen.no! Det vil også bli sal av Todalen.no sine nyinnkjøpte krus, så meld deg på og bli med på ein triveleg kveld i ungdomshuset!
Les heile sakaSurnadal JFF minner om jaktfeltstemne på Angråmyra laurdag 9. april – påmelding ved frammøte i tidsrommet frå kl 10 til kl 12. Arrangøren oppfordrar lokale jegrar til å ta med jaktrifla og til å delta i jaktfeltskytinga. Klasser både for profesjonelle jaktfeltskyttere og jegerklasser med jaktrifle.
Fredag 8. april, mellom kl. 12:00 – 17:00, er det ope påskebakeriutsal hos Lia gard. Her er det mogleg å få kjøpt både grovbakst og kaffebrød til påske.
Les heile saka