Laurdag 5. desember blir det skikkeleg heildags bursdagslag for kulturhuset. Egentleg var 20-årdagen den 18. jnauar, men da var enno alt usikkert rundt handteringa av pandemien og usikker smittefare. Men no er altså alt klart, og kulruturavdelinga i kommunen kunne i dag presentere eit skikkeleg og heildags program for den lokale pressa.
Les heile saka
Torsdag 10. november klokka 11:00 – 12:00, inviterer Surnadal Pensjonistlag til trim i Trudvang. Surnadal Pensjonistlag har fått med seg ein fysioterapeut Oda til å leie treninga, og å vise fram gode øvingar, som gjer godt for kroppen!
Les heile saka
3 store danske semitrailere dukka opp for å levere nytt målingsutstyr på Talgø i dag. Det er Talgø MøreTre som rustar opp målingsavdelinga, og som skal starte med produksjon av ferdigmåla kledning til byggebransjen. Her var det både store og tunge kolli som vart lossa – det tyngste på heile 8 tonn. Her måtte gaffeltrucken gi opp og ein større kranbil frå Erling Søyset måtte til for å få dette kolliet innomhus.
Les heile saka
Måndag vart det montert nytt tilbygg på hytta til Gudmund og Wenche Kvendset på Kårvatn – nytt tømmerbygg som er levert av Handlafter’n Odd Magnar Gjeldnes. Ved hjelp av kranbil og sterke karar kom tilbygget på rundt 40m2 på plass i løpet av måndagen og var klart til tekkjing da vi stakk innom i skyminga måndag ettermiddag.
Les heile saka
Den kulturelle spaserstokken som er eit kulturtidbud eller om ein skal kalle det mimrestund som er støtta av fylkeskommunale kulturmidlar og skal være med og krydre kvardagen til dei som har levd ei stund. Astrid Overaa som hadde god hjelp av pianisten Jan Gunnar Åkre underheldt ei 30-tal frammøtte ein ettermiddagstime på måndag. Med sin lune humor og gode forteljarevne fikk ho publikum til å kome i skikkeleg mimremodus.
Les heile saka
Fredag 11. november, mellom klokka 12:00 – 17:00, inviterer Lia gard til bakeriutsal. Her er det mogleg å få kjøpt både grovbakst og ein godbit til helga. Denne gongen kan dei også tilby eit nytt produkt dei ønsker å lansere til jul, nemleg ei konfektkake med mandelbutn, basert på klassikaren Sarah Bernard.
Les heile saka
Helgemesse – Allehelgensdag – er ei høgtid med sterke kjensler. Vi følgde presten Torbjørn Brøske til Todalen, Åsskard og Stangvik. Både årstida og ramma om dagen er prega av mørke. Minnet om dei vi har mista, legg vemod og sakn til gudstenestene. Etterlatne var denne gong spesielt inviterte gjestar.
Les heile saka
Onsdag 9. november klokka 12:00 inviterer Seniorfilmklubben til ein typisk «skuespelar-film» på Surnadal kino. 45 ÅR er «en aldeles nydelig film om gammel kjærlighet» (NRK) og handlar om eit ektepar som skal feire 45-års-bryllaupsdag sin. Men førebuingane blir skipla når han får eit overraskande brev.
Les heile saka
Nikolai Søyset Hopland (18), som er sonen til Anne Søyset frå Heimstad i Hallsetgrenda, scora sitt første Eliteseriemål i det 64. speleminutt, og vart med det matchvinnar i kveldens kamp mot Lillestrøm på Color Line stadion i Ålesund. Sluttres vart 2 – 1 til Ålesund.
Les heile saka
Søndag ettermiddag var Todalen ungdomshus rigga for TIL-basar, med både basarbord, barnebord, pilkasting og sal av bakels og graut til kaffen. Den store stemninga er kanskje ikkje til stades på basarane lenger, med disto større er førehandssalet som går føre seg på Matkroken – og sjølvsagt med bruk av Vipps. Vi bør vel seie at nye tider krev nye løysingar, og godta denne endringa, for til denne basaren kom det inn 21.950 på førehandssalet – medan det totalt kom det inn litt over 30.000. Så bygdefolket er da rause til å støtte lag og foreningar. Så får vi berre godta at noko av den gamle «basarstemninga» kjem bort og at dei sosiale treffpunkta blir forandra og skjer på telefon.
Les heile saka
Jaktlaget på sørsida har vore på jakt ved Hauråa – i området mellom Raudåa og Storhaugen, og da ga som resultat ein liten bukk. Gårdagens jakt ga ein elgkalv som resultat – så det har ikkje vore dei heilt store reasultata denne helga. Men forrige helg fall det 4 fine dyr for laget, så resultatet er variabelt.
Les heile saka
Søndag var det premiere for motbakkeløpet Dammen Opp som Trollheimen Fjellsportklubb arrangerte på Nordvik. Løypetraseen er nær 3 km lang, og startar ved Nordvik Forsamlingshus og går til enden av Blomlivegen – ved inntaksdammen for kraftanlegget. Det er berre motbakkar heile vegen, og det er rå kraft og kondisjon som skal til for å kome først i mål. Uoffisielt var rekorden på turen opp dit i overkant av 15 minutt – det store spørsmålet i dag var om denne rekorden kunne halde?
Les heile saka