Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Todalshytta: Populært med «kjøtt & påsse»

Jon Olav Ørsal Sundag 13. november 2022

Det var mange som nytta høvet til å stikke innom Todalshytta for å sikre seg ein porsjon med «kjøtt & påsse».  Todalshytta har prøva seg med litt husmannskost på menyen innimellom travle dagar med mykje gjestar.  Tidlegare har det vore både sildball, potetball, tjukkerter og i dag altså kjøtt & påsse. 

Les heile saka

Kløvertur til Svabu

Dordi Jorunn Halle Sundag 13. november 2022

Todalen sanitetsforening inviterer til Kløvertur måndag 14. november. Start frå Matkroken kl. 11:00.

Les heile saka

Saknar du eit blått fleecevottpar?

Bjørn Gunnar Ansnes Laurdag 12. november 2022

Det ser ut til at nokon har gått litt heit i Petlia for ei stund sidan. Det er nemleg funne eit par blåe fleecevottar ved nedre Geitåbrua. Etter å ha hengt i eit tre der oppe ei stund no, så er dei no flytta og lagt i postkassen ved Ja-benken, fortel Elinor Bolme.

Les heile saka

Laurdagskveld med Thaibuffet på Todalshytta

Jon Olav Ørsal Laurdag 12. november 2022

Neste laurdag er du velkommen til Thaibuffet på Todalshytta.  Laurdag 19. november er det nemleg klart for ein heilt spesiell dag på Todalshytta. – Lokale krefter frå Thailand har sett saman det beste av råvarer og forskjellige rettar fra eit smaksrikt land med tradisjonar. Her blir det alt frå vårruller – biff – kylling – supper – scampi – søte og sterke smakar i ei god blanding.

Les heile saka

Påminning: Månadens bilete i oktober

Guro Redalen Laurdag 12. november 2022

Storhjort, tiger, sau og damer på Hamran er blant det du kan velje imellom i kåringa av månadens bilete for oktober. Det er berre å klikke seg inn og avgi din stemme før midnatt søndag 13. november.

Les heile saka

Siste «sjølvplukk» av bøker ved Todalen bibliotek

Bjørn Gunnar Ansnes Laurdag 12. november 2022

Kombinasjonsbiblioteket ved Todalen oppvekstsenter, vart lagt ned etter at skulen vart slått saman med Todalen og Stangvik oppvekstsenter og flytta til Evenshaugen. Tysdag 15. november mellom klokka 17:00 – 20:00, blir det difor arrangert (gratis) «sjølvplukk» av bøker, hyller og reolar.

Les heile saka

Den store tømmerdrifta er i mål – oppdatert

Jon Olav Ørsal Fredag 11. november 2022

Dei siste par vekene har det vore tømmerdrift i liene ovafor Husby, og no er jobben gjort og utstyret er på veg til neste destinasjon.  Det er rundt 1250 m3 med gran som er hogge dei siste vekene,  med 2 hogstmaskiner og ei maskin for nedkjøring i full svaing har det gått kjapt unna.  Tømmeret […]

Les heile saka

Strikkekaffe i Sanitetshuset

Dordi Jorunn Halle Fredag 11. november 2022

Todalen sanitetsforening inviterer til Fredrikkekaffe i Sanitetshuset laurdag 12. november i tidsrommet kl. 13:00 – 16:00. 

Les heile saka

Bokbading: Vil sette spiseforstyrring på dagsorden

Jon Olav Ørsal Fredag 11. november 2022

Kari Løvendahl Mogstad har opplevd spiseforstyrring innafor eigen familie, og har skrive bok om sine opplevingar saman med si dotter Selma.  No kjem den utflytta Surndalingen «heim» for å fortelje om si erfaring med denne sjukdomen og for å bli bokbada. Torsdag 1. desember arrangerer Surnadal demensforening og helselag bokbad, der Kari Løvendahl Mogstad kjem for å presentere boka «Vår vei ut» som ho og dottera Selma har skrevet i lag.  Det er Kari Evensen, som sjølv er sjukepleiar, som skal bokbade Mogstad.

Les heile saka

Søndag byr Todalshytta på «Kjøtt & Påsse»

Jon Olav Ørsal Torsdag 10. november 2022

Vil du gjøre søndagsmiddagen lettvint, så er det berre å ta turen til Todalshytta som søndag byr på skikkeleg god husmanskost til middag – nem lig kjøtt & påsse.  Serveringa startar søndag kl 14:00 og held på til kl 17:00.   Bestill middag på telefon eller SMS på 929 97 550 til Arve Evensen.

Les heile saka

Inviterer til julebord i ungdomshuset

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 10. november 2022

Todalen Idrettslag og Todalen bøgdalag inviterer til julebord i Todalen ungdomshus laurdag 3. desember klokka 20:00. Det blir servert fleire typar ribbe, pinnekjøtt, medisterkaker og pølser med tilbehør. Etterpå blir det sjølvsagt servert dessert! 

Les heile saka

Nytt «Støvbrett» – nr 17 i rekkja sia 1946

Jon Olav Ørsal Torsdag 10. november 2022

Det er forlengst ein god tradisjon av den bilane som Halsbua/Matkroken bruka til utkøyring av varer heiter «Støvbrettet».  Det grip heilt attende til 1949 da faren til Terje Nordvi, Edvart kjøpte ein bruka A-Ford 1946-modell til føremålet.  Bilen var bruktimport frå England og vart bygd om til pick-up i Trondheim.  Edvart Nordviks kommentar når han […]

Les heile saka