Onsdag kveld inviterte Stangvik historielag og Nordmørsmusea avd. Surnadal til temakveld med seterhistorie på plakaten. Erling Myrbostad og Lars Gudmund Røen frå Stangvik historielag avslørte ein imponerande kunnskap om seterlivet, byggeskikkar og praktiske løysingar som gjorde at seterstølane var plassert slik dei var.
Les heile saka
Før oktober verkeleg har fått feste, tek vi litt tid til å «remember september» med ei kåring av månadens bilete. Klikk deg inn, og stem på din favoritt!
Les heile saka
Sjølv om det er to og ein halv månad til vi skal feire julekveld, så er det iallfall tid for å førebu TIL Trim sin adventkalende. For fjorårets adventkalender med trekning av kortreiste gevinstar var ein ubetinga suksess. Den slo så godt an at trimgruppa har bestemt at dei skal kjøre same opplegg i år, fortel Sissel Halset Storslett som er leiar i Trimgruppa.
Les heile saka
Stangvik Historielag og Nordmørsmusea avdeling Surnadal inviterer til temakveld på Åsen bygdemuseum, onsdag 4. oktober klokka 18:00. Emne for temakvelden denne gongen er seterhistoria.
Les heile saka
Husflidslaga i Surnadal og Rindal arrangerer temakveld om bunadene våre laurdag 7. oktober i Surnadal kulturhus. Arrangementet startar kl. 17:30 med utstilling. Temakveld med kåseri og underhaldning i Storstuå kl. 19:00.
Les heile saka
Lørdag 21. oktober kl. 19.00 er en ny forestilling «HÆSTLATTER 2023» på gang i Storstua på Surnadal Kulturhus. Det er Kreativt Forum som står som arrangør, og nå er altså billettsalget igang.
Les heile saka
I går kveld hadde Todalen Idrettslag invitert ungdommane til medlemsmøte for å diskutere drifta av det nye aktivitetsrommet i reiskapshuset på Bordholmen stadion. Og på møtet kom ungdomane med ønske om driftsform og framtidige aktivitetar dei ønsker i det nye aktivitetsrommet.
Les heile saka
Torsdag 5. oktober klokka 11:00 inviterer Stavganggruppa i Surnadal Pensjonistlag til sesongavslutning, med stavgangtur stavgang tur til Øygardshalsen. Oppmøte og parkering på Vang skisenter.
Les heile saka
I dag starta Veidekke med asfaltarbeidet som har vore planlagt. Først blir det eit par dagar med fresing av gammel asfalt, og så fortsett arbeidet med legging av ny asfalt, og Veidekke reknar med å bli ferdige til helga – dersom vêrgudane står dei bi.
Les heile saka
Laurdag 7. oktober klokka 19:00 er det duka for «damenes aften» i Todalen ungdomshus. Komiteen opplyser at arrangementet har fått god mottaking, og at mange allereie har meldt seg på, men det er framleis plass til enda fleire fortel dei.
Les heile saka
Fredag 6. oktober, mellom klokka 12:00 – 17:00, inviterer Lia gard til ope bakeriutsal. Denne gongen er du med i trekkinga av eit gåvekort på 350,- kroner, om du legg inn ei bestilling i kommentarfeltet på Lia gard si Facebookside innan onsdag 4. oktober. Vinneren blir trekt torsdag etter klokka 12:00.. Har du problem med å rekke innom i opningstida, er det berre å ta kontakt med Lia gard for å avtale henting av varer.
Les heile saka
Søndag 8. oktober klokka 12:00 – 16:00 inviterer Svinviks arboret til haustferiestart med epledag i arboretet. Da blir det eplepressing, eplekake og open hausthage.
Les heile saka