Oppsummeringa etter sommarsesongen Stikk UT! 2023 syner at Toåa tursti har flest registrerte besøk i Surnadal kommune, og at Svinvikrunden har nest flest besøk!
Les heile saka
Oppsummeringa etter sommarsesongen Stikk UT! 2023 syner at Toåa tursti har flest registrerte besøk i Surnadal kommune, og at Svinvikrunden har nest flest besøk!
Les heile saka«Norske Kunsthåndverkerenes Årsutstilling» er den største årlege mønstringa av samtidskunsthandverk frå Norge. Alle som arbeider med materialbasert kunst i Norge kan søke om å bli med, og i år var det 762 kunstnarar som søkt med om å få vere med. Meir enn 2000 kunstverk vart vurdert, og av desse vart 56 kunstnarar og 63 kunstverk med på utstillinga på Nasjonalmuseet i Oslo.
Les heile sakaTorsdag kveld hadde Svarraberget Teaterlag generalprøve på sin revy «Folljstendi oBRUkbart». Om revyen er «best ever» skal vi ikkje gje oss ut på å vurdere, men vi er skikkeleg imponert over det vi såg og høyrte under generalprøven. Godt nøgd med gjennomkøyringa var også Svanhild Husby, som har vore instruktør for årets revy. Alt var eigentleg bra. Tekster, song, musikk og dansing satt godt, og det var berre å lene seg bakover i stolen og nyte det vi var servert frå scena.
Les heile sakaI ei pressemelding frå Surnadal kommune akkurat no, blir vi gjort kjent med at eit samrøystes kommunestyre, i eit ekstra møte på ettermiddagen i dag, har tilsett Lars Inge Kvande som ny kommunedirektør i Surnadal kommune.
Les heile sakaLaurdag 11. november blir det ekte Thaiaften på Todalshytta, fortel Arve Evensen som er vert på Todalshytta. Vi har fjorårets Thaiaften friskt i minne og vil lørdag gjenta denne suksessen, seier Evensen. Vi byr på massevis av gode rettar og serverer Thaibuffe frå kl 15:00 og utover til klokka 20:00
Les heile sakaTil helga er det ordinær premiere på den nye filmen «Den første julen i Skomakergata», og Jens Petrus har denne gongen faktisk flytta inn i kulturhuset på Skei. Med hovudsakleg ispinner som bygningsmateriale står skomakarhuset utstilt i foajeen på Surnadal kulturhus.
Les heile sakaI ei pressemelding frå Innovasjon Norge, får vi opplyst at Svinvik gard er tildelt «Bedriftsutviklingsprisen i landbruket». På garden i Svinvika har det vore tradisjon for å tenke nytt. Tore og Kristina Svinvik stod ved eit vegskilje då dei tok over garden i 2015.
Les heile sakaSurnadal bibliotek inviterer til forfattartreff med Sverre Årnes måndag 13. november klokka 18:00, der han i samtale med Svein Sæter legg ut mest om det du ikkje visste om Sverres skriftlege sideprosjekt. Som alltid på biblioteket, er det fri inngang, og denne gongen takka vera arrangementstøtte frå «Den kulturelle spaserstokken» i Møre og Romsdal fylke.
Les heile sakaSøndag ettermiddag – nærare bestemt søndag 12. november kl 15 – er det klart for eit nytt bokslepp i regi av Todalen historielag. Da inviterer Todalen historielag medlemar og andre interesserte til Todalen ungdomshus for å presentere årets årsskrift for sine lesarar. Årsskriftet er nummer 22 i rekkja, og leiar i Todalen historielag John Moe seier at årsskriftet for 2023 er kanskje det beste dei har laga nokon gong.
Les heile sakaSvarrabærje Teaterlag er fredag 10. remiereklar med ny revy, som dei har kalla «Folljstendi oBRUkbart». Dei skal kjøre to forestillinger, fredag og lørdag, og det er no full fart på billettsalget. Svarrabærje Teaterlag har store forventninger til revyen, og regner med to fullsatte forestillinger. Fra Svarrabærje Teaterlag har vi fått en fyldig pressemelding med omtale av revyen – den har vi gjengitt nedenfor
Les heile sakaTrimgruppa i Surnadal Pensjonistlag inviterer torsdag 9. november klokka 10:00 til ny innetrimøkt på Frivilligsentralen på Skei. Denne trimsesongen har pensjonistlaget fått med seg fysioterapeut Emil til å leie trimmen.
Les heile sakaPå trimbasaren søndag ettermiddag var det tid for dele ut belønning til dei mest aktive trimmarane. På tur i Todalen 22/23 har gjort opp status og det er ikkje småtteri det er snakk om – heile 7548 trimturar er gjort i regi av «Turar i Todalen» frå 1. oktober 2022 til 31. september 2023. Det har vore 91 aktive innsjekkarar i løpet av året og 11 av desse har besøkt alle dei ordinære turmåla og får eit gåvekort på kr 200 frå Intersport for innsatsen.
Les heile saka