Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Korpsmusikk i toget

Korpsmusikk i toget

Jon Olav Ørsal Laurdag 1. mai 2010

Det såg lenge ut til at årets 17. mai-tog kom til å bli uten korpsmusikk, for Mo og Stangvik skulekorps er i år berre 7 medlemar, og det er litt for lite for slike oppdrag. Korpsa er nede i ein dyp bølgedal når det gjeld medlemstal denne sesongen, og dersom det ikkje blir fleire nye aspirantar til hausten er det nok berre å innsjå at det er slutt, seier sekretær og konstituert ledar Kristine Saksen Ulvund til Todalen.no.

Les heile saka

Tok prisen på design…

Tok prisen på design…

Jon Olav Ørsal Fredag 30. april 2010

Denne veka har Surnadal Ungdomsskule arrangert «Gründerkamp» for elevane i 9. skuletrinn. Det vil seie at dei har vore på ein arbeidsplass for å få litt innblikk i arbeidslivet. Elevane har vor delt i små grupper og har fått tildelt ei oppgåve som dei skulle jobbe med saman med ein veiledar (mentor) frå bedrifta.

Les heile saka

Todalen.no – medlemskap

Todalen.no – medlemskap

Jon Olav Ørsal Fredag 30. april 2010

Todalen.no er nettsida for todalingar, både innfødde og utfløtta, samt andre todalsvener som likar å ta del i det som foregår i bygda og som vert omtala på nettet. Tida er no inne for å formalisera Todalen.no, og 30. mars i år vart foreninga Todalen.no stifta. Foreninga fikk sine vedtekter og eit interimstyre som skal […]

Les heile saka

Nye fisketider i Toåa

Nye fisketider i Toåa

Ole Petter Talgø Fredag 30. april 2010

I år har myndighetene regulert fisketidene i elvene, og fisket i Toåa vil være fra 1. juni til og med 15. august. Du kan lese mer fra Toåa og Todalen Elveeigarlag på Todalslaks.no.


Storseier til G14 Søya/Todalen/Kvass/Ulvungen

Storseier til G14 Søya/Todalen/Kvass/Ulvungen

Knut Haugen, IL Søya Torsdag 29. april 2010

Onsdag kveld var årets første hjemmekamp for G14 på Bordholmen. Det har over lang tid vært knyttet stor spenning til denne kampen, der diskusjonen mellom spillerne har gått livlig på skolen om hvem som hadde det beste laget. Den diskusjonen er ihvertfall over for denne gang, for hjemmelaget vant til slutt hele 7-1 og det var ingen tvil om hvem som var best.

Les heile saka


Trondheimstreff

Trondheimstreff

Jon Olav Ørsal Måndag 26. april 2010

Dei tre kommunane Surnadal, Halsa og Rindal inviterer utflytta nordmøraingar til Dokkhuset på Nordmørstreff onsdag kveld. Dette er ei kampanje for å få folk til å fløtte attende til Nordmøre. Kvelden byr på variert program, mellom anna konsert med gruppa Batteri, The Swiks og Silje Botten.

Les heile saka

Konfirmantleir

Konfirmantleir

Marte Talgø Sundag 25. april 2010

Forrige helg var konfirmantane frå Todalen, Åsskard og Stangvik på konfirmantleir på Phillipshaugen. Vi var der heile helga, og der øvde vi på konfirmantgudstenesta vi skulle ha søndagen same helga.

Les heile saka

Vellukka trimbasar

Vellukka trimbasar

Jon Olav Ørsal Sundag 25. april 2010

Det var ikkje akkurat trengsel i Ungdomshuset da T.I.L. hadde Trim- og skibasar søndag ettermiddag. I det fine vårværet var det nok mange aktivitetar som frista, men god førehandsalg redda nok økonomien, for Jostein Burset rekna med eit overskot på ca 20.000 etter grovteljing søndag kveld.

Les heile saka

Saniteten bygger uthus

Saniteten bygger uthus

Jon Olav Ørsal Laurdag 24. april 2010

Saniteten har satt opp redskapshus på tomta til Sanitetshuset. Her skal det bli plass for plenklippar, trillebåre og anna utstyr som er på bruk. Huset er eit elementbygg frå MøreTre og sist laurdag var det tekkjng på gang i det fine vårværet. Det var Espen Husby og Ken Marius Pedersen som har teke på seg […]

Les heile saka

Trimtur til Storhaugen

Trimtur til Storhaugen

Jon Olav Ørsal Laurdag 24. april 2010

No finns det ikkje lenger noko unnskyldning for å vente med å starte trimsesongen. Dordi Jorunn Halle har vore på tur til Storhaugen, ¨saman med Hans og ho skriv i ein e-post til Todalen.no:

Les heile saka

Hugs trim-/skibasaren søndag

Hugs trim-/skibasaren søndag

Jon Olav Ørsal Laurdag 24. april 2010

Søndag ettermiddag frå kl 15.00 er det trim-/ og skibasar i Todalen Ungdomshus. Siste veka har det vore førehandssalg av loddar på ICA Todalen. Laurdag var det Bror Sæther og John Robin Sæter som satt loddbøkene. Dei kunne berette at loddalget allerede hadde passert ti tusen.

Les heile saka