Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Koseleg førjulsstund

Koseleg førjulsstund

Elinor Bolme Måndag 6. desember 2010

Sanitetshuset vart bortimot fullt i går då det var invitert til Førjulskos med utdeling av Barnas lykkeskilling attåt. Med stort og smått var det nærare 60 stykk som kom på arrangementet.

Her var det både lystenning, lesing og song, før det vart servering av nissegraut med mandel i. Etterpå vart det litt omøblering blandt dei frammøtte, slik at ungane fekk sitte ved borda og ha eit lite juleverksted, medan dei vaksne kunne ta seg ein kafekopp og litt kringle og snakkast ved i sofagruppa.

Til slutt vart det utlodning og utdeling av juleblomar til dei som hadde fylt 80 år, eller meir. Todalen Sanitetsforening gjev og todalingane som bur på alders- og sjukeheim i Surnadal og på Kvanne dette.

Under er eit knippe bileter frå Førjulstreffet. Alle foto Elinor Bolme.

Publisert: 6. desember 2010, 08:21